StatpedMagasinet 2–2014

SPOT 2014

Torsdag 27. november arrangerer Statped konferansen «SPOT 2014». Temaet er spesialpedagogikk og teknologi, og målet er å inspirere og gi oversyn. Deltakarane skal få erfaringar og treffe andre som er opptatt av kva teknologi kan bidra med når barn og unge har særskilde opplæringsbehov. Det faglige programmet har ein felles plenumsdel første del av dagen. Deltakarane får mellom anna høyre Karen Erickson, direktør for Center for Literacy and Disability Studies i North Carolina, USA, snakke om korleis teknologi kan bidra til lesing, skriving og kommunikasjon. Resten av dagen er det fire rekkjer med parallelle sesjonar om teknologi i høve til kommunikasjon og språk, lesing/skriving, inkludering og praktisk bruk. Konferansen rettar seg mot personar som har ansvar for eller er opptatt av barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov og bruk av teknologi, slik som PP-tilsette, lærarar, førskulelærarar/barnehagelærarar, skuleleiarar, NAV-tilsette, fagpersonar i UH-sektor eller helsesektor og foreldre. I løpet av dagen kan deltakarene sjå ei utstilling med nyttige og relevante produkt og teknologi og få demonstrert praktiske løysingar som dei kan bruke i undervisninga si.

Meld deg på SPOT 2014 før 1. november

Side 25 av 40