StatpedMagasinet 2–2015

Ein klasse full av bestevener

Lars Moe (7) fungerer godt i ein vanleg skuleklasse, sjølv om han har Downs syndrom. Nokre av forklaringane er gode evner til leik, sterke band til medelevar, positive haldningar ved skulen og medviten tilrettelegging.

Lars er eit døme på vellukka inkludering av eit barn med Downs syndrom på ein vanleg norsk skule. Nokre stader i landet kan foreldre velje spesialskule for barn med Downs syndrom. Slik er det ikkje i Kragerø kommune. Då har det vore viktig å inkludere Lars på best mogleg vis på nærskulen.

– Alle i klassen er besteven med meg, fortel Lars. Han er på veg inn i klasserommet sitt, rommet til 3. klasse på Sannidal skule.

Venskap og relasjonar

Venskap og sterke band til dei andre i klassen er ei viktig årsak til den vellukka inkluderinga. Lars har kjent mange av dei 13 medelevane frå han var liten og gjekk

i barnehagen. Dei veit kven han er og synest det er normalt at han er annleis.

– For barn med spesielle behov er det en stor fordel at venskap som er etablert i barnehagen, følgjer med over i skulen, fortel seniorrådgjevar Kirsten Ruud i Statped. Ho har lang erfaring frå arbeid blant barn med Downs syndrom og har følgt Lars i overgangen frå barnehage til skule. For å gjere overgangen til skule best mogleg er det viktig at barn med spesielle behov blir godt kjende med skulen og dei relevante tilsette i god tid før skulestart.

– Det er også viktig å trappe ned dei relasjonane som blir brotne, til dømes ved at dei tilsette i barnehagen var tilgjengelege for Lars ei stund etter skulestart, seier Ruud.

Lars er ein populær leikekamerat. At Lars er flink til å leike, bidreg til eit godt samspel med dei andre elevane. Han har trena på leik heilt frå han var liten, både med rolleleik med figurar og med støtte inn i leik med andre barn.

Haldningar og kompetanse

Haldningar og kompetanse ved skulen er også ein viktig faktor for vellukka inkludering av barn med Downs syndrom. Dette er på plass ved Sannidal skule, fortel Kirsten Ruud.

– Skulen ynskjer oppriktig å inkludere Lars og å få dette til. Personalet meiner at Lars gjer miljøet rikare, seier Ruud.

Kontaktlæraren for klassen stadfestar ei positiv haldning til guten som er annleis. Ho synest ikkje det er ei byrde å ha Lars i klassen. – Tvert imot gjer det elevane og meg rikare. Vi får noko vi ikkje ville hatt utan Lars. Elevane lærer at nokon er annleis og at vi må ta omsyn til dei. Dette er verdifull læring, seier kontaktlærar Else-Liv Thorsen.

Tid er også eit suksesskriterium for vellukka inkludering. Skulen tar seg tid til å forstå utfordringane til Lars og lage eit tilpassa opplegg for han.

– Lars hadde eit opplegg i barnehagen som det var viktig at skulen bygde vidare på. Dette handla mellom anna om kommunikasjon og språkutvikling, seier Kirsten Ruud.

Tilrettelegging i klasserom

Ein spesialpedagog har det faglege ansvaret for Lars. Kvar veke lagar ho eit tilpassa opplegg med utgangspunkt i vekeplanen til klassen. Dette gjer ho i dialog med kontaktlærar. Skulen har sett av fast tid til dette samarbeidet. Gjennom skuledagen vekslar Lars på å vere i klasserommet og i eit grupperom. I klasserommet får han ta del i klassefellesskapet og følgje den ordinære undervisninga.

– For barn der det følgjer med spesialpedagogiske ressursar, er det alltid ein risiko for at det blir mykje ein-til-ein undervisning. Men på Sannidal blir det sett av tid til samarbeid, slik at spesialpedagogen kan lage eit opplegg som følgjer planen til resten av klassen, forklarar Ruud.

For at Lars skal ha utbyte av å vere i klasserommet, er det naudsynt med medviten tilrettelegging. Mellom anna bør undervisninga vere konkret og visuell. Lars må ha noko å sjå på og gjerne også noko å gjere. Når klassen skal lære nye engelske ord, viser læraren gjerne fram bilete eller gjenstandar for orda. Lars har også ei bok framfor seg der han kan sjå bileta på nært hald. Når dei øver på preposisjonar som «under» og «on», får elevane gå under og oppå stolar og bord. Lars er med.

– Kontaktlærar har visualisering og konkretisering i ryggmargen. Dette er veldig viktig for Lars, men eg er overtydd om at også andre elevar har utbyte av dette. Slik sett bidreg Lars til å auke kvaliteten på undervisninga, seier rådgjevar Kirsten Ruud.

Eit anna døme på tilrettelegging er at skuledagen startar med samlingsstund, der elevane sit i hestesko på små benkar rundt læraren. Dei snakkar om dagen i dag og syng songar.

– Eg hadde nok avslutta samlingsstunda etter første klasse viss det ikkje var for Lars. Det er lettare å inkludere Lars i fellesskapet om vi har samling i staden for å begynne rett på fag. Vi kjem nærare på kvarandre, seier lærar Else-Liv Thorsen.

Oppfølging av vaksne

I klasserommet har Lars spesialpedagogen eller ein assistent i nærleiken. Dette er naudsynt. Tre vaksne byter på å følgje opp Lars. Dei forklarar kva læraren seier og gir praktisk hjelp om han treng det. Når klassen skal lese leseleksa høgt, sit alle med boka framfor seg. Også Lars. Dei andre les nokre setningar kvar. Spesialpedagog Janne Hanche-Olsen peiker i boka slik at Lars følgjer teksten. Han ser på illustrasjonane og kviskrar noko om handlinga. Lars kan alle bokstavane og mange ordbilete.

– Lars har også ein perm med tilrettelagte oppgåver. Den brukar han når klassen jobbar med sine oppgåver, forklarar Hanche-Olsen.

Undervisning med mål og meining

Lars er mykje i klasserommet, men treng også å trekkje seg tilbake. Då går han til sitt eige grupperom som ligg vegg-i-vegg med klasserommet. Lars seier sjølv frå når han er sliten eller undervisninga blir for vanskeleg. På grupperommet får han tilrettelagt undervisning, i tråd med dagsforma og aktuelle pedagogiske mål.

– Lars treng rammer for kva han skal jobbe med, og undervisninga skal ha mål og meining. Men vi må samstundes ta utgangspunkt i situasjonen her og nå og ha stort rom for fleksibilitet og leik, påpeiker Hance-Olsen.

Ofte kjem medelevar inn på rommet slik at Lars får jobbe i gruppe med dei. Då er innsatsen enda betre enn når han er åleine med ein vaksen.

– Lars og klassekameratane har eit unikt og godt forhold. Vi håper dei andre vil fortsetje å vere like glade i Lars, også når dei etterkvart veks frå han, seier Hanche-Olsen.

Medelevane er rollemodellar

Lars har stor nytte av å gå i ein normalklasse. Dei andre barna er rollemodellar for Lars både på språk, leik og åtferd.

– Det er fint for Lars å vere i eit miljø der han ser korleis han skal oppføre seg. Når klassen stiller opp for å gå til eit anna rom, gjer Lars det same. Han treng ikkje instruksjon, for han ser på dei andre kva han skal gjere, seier Kirsten Ruud.

Ho viser til forsking frå Storbritannia på barn med Downs syndrom, utført av mellom andre professor Sue Buckley. Buckley er ein sentral forskar i miljøet «Down Syndrome Education International» (DSE). Funna etter mange års forsking viser at barn på normalskule (inclusive education) har betre utvikling av både språk og åtferd enn barn på spesialskule (special schools).

– Det er fleire gode rollemodellar på ein normalskule enn på ein spesialskule. Dei andre barna har ei vanleg åtferd og eit godt språk som Lars kan imitere, seier Ruud og avsluttar:

– Barn med Downs syndrom er forskjellige og har ulike utfordringar. Men dei fleste vil ha godt utbyte av å gå på ein vanleg skule.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Suksessfaktorar for inkludering av Lars

 

Downs syndrom 
er ein medfødd kromosomfeil som gir funksjonsnedsetting i ulik grad. 

Downs syndrom er ein medfødd kromosomfeil som gir funksjonsnedsetting i ulik grad. Her er suksessfaktorar for inkludering av Lars:

  • Gode relasjonar til dei andre barna, venskap som har vart frå barnehagen av.
  • Kontaktlærar legg til rette undervisninga i klasserommet.
  • Spesialpedagog tek utgangspunkt i vekeplanen til klassen når ho lagar opplegg for Lars.
  • God dialog mellom skule og heim. Kvar dag skriv skulen i ei kontaktbok, slik at foreldra veit kva dei skal prate med Lars om når dei snakkar om skuledagen. Foreldra skriv også kva som skjer heime.
  • Skulen og foreldra er opne om utfordringane til Lars.
  • Skulen ønskjer oppriktig å inkludere Lars.
  • Skulen forstår utfordringane til Lars og legg til rette for han.
  • Faste og stabile rutinar. Lars veit kva som møter han kvar dag.
  • Hyppige besøk av klassekameratar heime.
  • Mykje tid til leik på skulefritidsordninga og i friminutta.
  • Kompetente vaksne med stort hjarte for Lars.

Side 13 av 31