Nøgde foreldre

– Lars er glad i skulen sin og i klassen sin. Han har alltid lyst til å gå på skulen, og det tar vi som eit godt teikn på trivsel, seier far Per Jacob Moe.

Saman med kona Ingvill K. Moe gir han mykje ros til Sannidal skule. Utan dei kompetente og varme vaksne ville kanskje ikkje Lars funne seg så godt til rette på skulen. – Vi opplever at skulen har gode haldningar og tenker positivt om Lars og det å ha han som elev. Personalet er omsorgsfullt og gir Lars ei hand og eit fang når han treng det. Det har mykje å seie for at han er trygg og trivst på skulen, forklarar Ingvill K. Moe.

Godt pedagogisk opplegg

Foreldra er sjølv pedagogar ved andre skular og skryt av det faglege opplegget kring Lars.

– Spesialpedagogen evnar å tilpasse oppgåvene slik at Lars både opplever meistring og må strekke seg litt. Ho lagar også eigne lekser til han, og vi er imponert over korleis ho klarer å treffe akkurat der han er i læringsprosessen, seier mor Moe.

Heime merkar dei at Lars har eit godt fagleg utbyte av å følgje undervisninga i klasserommet.

– I naturfag, samfunnsfag og RLE lærar Lars mykje. Han hugsar ein stor del av det dei har lært om naturen og kroppen og har fanga opp mange omgrep som vi ikkje har lært han heime, seier Per Jacob Moe, og fortel kor dyktig kontaktlæraren er til å formidle og visualisere.

– Samstundes er det innlysande at han treng eit eige opplegg, for utviklinga hans går i eit anna tempo enn for dei andre. Dette gjeld særleg i fag som matte og norsk, fortel Ingvill K. Moe.

Nettverk for framtida

Lars har vore skulegut i litt meir enn to år. Han fungerer godt både på skulen og i klassen. Men sjølv om Lars i dag er ein populær leikekamerat, er foreldra aktivt i gang med å etablere nettverk for framtida. Jo større Lars blir, jo meir behov vil han ha for å vere med andre med Downs syndrom.

– Vi veit jo ikkje korleis det blir når barna blir større og leiker mindre. Vil Lars klare å ta del i fellesskapet når klassekameratane berre står og pratar i friminutta, undrar Ingvill K. Moe.

Side 14 av 31

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!