StatpedMagasinet 2–2015

Kven gjer kva i overgangen til vidaregåande opplæring?

Rutineskjemaene for overgang til vidaregåande opplæringInnsøking og overgangen til vidaregåande opplæring går ikkje alltid knirkefritt for elevar med syns- eller høyrselshemming. Ei av utfordringane er at mange aktørar er involverte. I Hordaland har fleire verksemder gått systematisk til verks og etablert klåre rutinar for kven som gjer kva.

Mange aktørar har ei oppgåve å gjere når elevar med syns- eller høyrselsvanskar begynner på vidaregåande opplæring. Aktørane er både kommunale, fylkeskommunale og statlege. På lista over involverte instansar står både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), Oppfølgingstenesta (OT), Inntakskontoret og Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen, NAV Hjelpemiddelsentralen og Statped.

I Hordaland er også ei Syns- og Audiopedagogisk teneste (SAPT) involvert. Tenesta har spisskompetanse på syn og hørsel og er finansiert av fylkeskommunen og kommunar i Hordaland fylke. SAPT skal mellom anna støtte PP-tenesta og skulane der dei manglar kompetanse.

Elevar med syns- eller høyrselshemming er like forskjellige som andre ungdommar. Opplæringsbehova er difor svært ulike, og behova for pedagogisk og teknisk tilrettelegging er såleis individuelle.

Sårbart

– Alle overgangar er sårbare, også overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring. Når mange instansar er involverte, er det ekstra krevjande å samkøyre overgangen, seier rådgjevar Anne Grethe Melsbø i Statped vest, for tida i permisjon.

Statped og Hordaland fylkeskommune har difor utforma oversikter over kven som gjer kva, til kva for ei tid, når ein elev søker og startar på vidaregåande opplæring. Dokumenta gjeld i utgangspunktet høyrselshemma elevar, men er også relevante for andre elevgrupper. Etter kvart vil arbeidsgruppa lage tilsvarande oversikter for synshemma elevar.

– Ved alle overgangar er det fare for at noko glepp. Vi har no kvalitetssikra prosessen ved å tydeleggjere ansvarsområda, seier rådgjevar Laila Ulvestad i Hordaland fylkeskommune. Oversiktene utgjer eit tenestekart, eit rutineskjema og ei oversikt over saksgangen.

Tenestekart

Tenestekartet viser oppgåver og roller til dei ulike instansane når ein høyrselshemma elev søker og startar på vidaregåande opplæring.

– I tenestekartet finn vi ansvar, roller, oppgåver og lovverk. Kartet gir også ei oversikt over avtalar mellom aktørane, seier Ulvestad.

Rutineskjema

Rutineskjemaet gir oversikt over rutinar, ansvar og fristar i innsøkinga og tilrettelegginga for høyrselshemma elevar.

– Rutineskjemaet er for oss i systemet slik at vi veit kva vi har ansvar for. Det sikrar også at nye tilsette lettare kan finne klåre rutinar og forstå saksgangen. Vi blir dermed mindre avhengige av enkeltpersonar, seier Melsbø.

Oversikt over saksgang

Det tredje verktøyet er ei oversikt over saksgangen når elevar søker vidaregåande skule eller plass i lærebedrift. Det seier noko om søknadsfristar, vedtak om skuleplass, høyrselstekniske hjelpemiddel, overføringsmøte og tilrettelegging samt skulestart.

– Oversikta er ei hugseliste for brukarane, slik at dei sjølve kan halde oversikt over dei ulike stega i prosessen. Vi legg såleis ansvar på brukarane, seier Ulvestad og utdjupar:

– Ungdom som vil ta vidaregåande opplæring, har sjølve ansvar for å søke både om inntak og om spesialundervisning. Dei må opplyse kva for nokre behov dei har og sende inn dokumentasjon. Når dette er gjort, skal systemet vere parat, seier Ulvestad.

– Det er viktig at brukarane veit kven som gjer kva. Dei må vite kor dei skal vende seg om dei har spørsmål, supplerer Melsbø.

Rutineskjema

Rutineskjema ved overgangen fra ungdomsskole til videregående skole 

 Tekst og foto: Ragnhild Thomsen Thornam.

 

Side 25 av 31