StatpedMagasinet 3–2014

Asperger syndrom: Store og komplekse forståingsvanskar

Personar med Asperger syndrom (AS) har ofte vanskar med å tilpasse åtferda si i sosiale kontekstar. Dei har vanskar med vekselverknad i kommunikasjon og er ofte intenst opptekne av interessene sine, interesser som kan vere påfallande for andre. Samla sett gir vanskane store og komplekse forståingsvanskar.

Personar med AS forstår ikkje utan vidare at andre menneske tenkjer, kjenner eller meiner noko anna enn dei sjølv. Dei oppfattar ofte situasjonar og bodskap heilt bokstaveleg og konkret. Mange har vanskar med å overføre det som dei har lært, til andre situasjonar, stader eller personar.

Kva slags tiltak som trengst for å betre funksjonsnivået, og kor omfattande tiltaka må vere, avheng mellom anna av om dei har andre diagnosar i tillegg. Treningstiltak som vektlegg struktur, føreseiing og systematisk metodisk tilnærming, har vist seg å gi gode resultat.

AS høyrer til diagnosegruppa «gjennomgripande utviklingsforstyrringar» eller «autismespekterforstyrringar». For å oppfylle kriteria for diagnosen må vanskane ha synt seg før barn fyller fem år, dei må ha evner i normalområdet eller over, og dei må syne vanskar knytt til sosial samhandling og ha eit snevert åtferds- og interesserepertoar.

Nyttige hjelpemiddel frå Statped

«IVAS: et informasjons- og kommunikasjonsverktøy: tilpasset personer med Asperger syndrom» blir brukt til å finne ut kva personar som har AS, sjølv opplever som meiningsfylt for å ha ein god skule- eller arbeidskvardag. IVAS er tilrettelagt som ein intervjuguide og inneheld åtte tema: skuleaktivitetar / synet mitt på å jobbe, arbeidsmåte, læringsstil, organisering, struktur og føreseiing, stressfaktorar, kommunikasjon og sosial forståing, sjølvstende og AS.

Materiellet er primært utvikla til bruk for rådgjevarar som talar med eller intervjuar personar med AS, men også for lærarar som har kunnskap om AS. Det er anbefalt at lærarar drøftar pedagogiske konsekvensar med PP-tenesta. 

 

Tekst: Unni Andersen, rådgjevar, Statped vest. Omsatt til nynorsk av Svein Erik Moløkken. Foto: iStock

Informasjon og tips til lærarar i grunnskulen

«Håndbok: Informasjon og tips til lærere i grunnskolen: Om elever med Asperger syndrom» er meint som ei fyrste støtte til lærarar i grunnskulen som arbeider eller skal arbeide med elevar med AS. Handboka skal enkelt gi oversyn over ulike sider ved AS og tips som lærarar raskt kan omsetje til pedagogisk praksis. Handboka gjer greie for kartleggingsmateriell, metodar og verktøy som er utvikla spesielt for denne gruppa.

Tiltak blir ofte sett i verk når problem og utfordringar syner seg. For denne elevgruppa må vi arbeide meir førebyggjande for at dei skal kunne tileigne seg ferdsler som dei vil trenge for å møte faglege og sosiale utfordringar. Erfaringa tilseier at mange vil klare seg høveleg bra dei fyrste tre–fire åra på skulen, men med aukande krav vil sosiale og faglege vanskar tilta.

Sjølv om mange kapittel har eit individfokus, gjeld arbeidet vel så mykje klassemiljøet. Eit kombinert fokus på god struktur og klasseleiing, ressursar og behov hjå individet, gode relasjonar til medelevar og personale samt tilpassa rammer skal samla syte for eit godt læringsutbytte for eleven. Erfaringar viser at tilpassingar for elevar med AS også er gode tilpassingar for andre elevar. Det er læraren sin kompetanse som er hovudressursen i dette arbeidet.

Handboka kan med fordel bli brukt saman med eksempelheftet «Kunnskapsløftets kompetansemål for norsk muntlig kommunikasjon, tilpasset elever med Asperger syndrom».

Heftet syner eksempel frå andre til tiande trinn på korleis kompetansemåla i læreplanen for norsk munnleg kommunikasjon kan brytast ned. Mål kan splittast opp, og lærarar kan arbeide systematisk når dei byggjer ferdsler og kompetanse trinn for trinn.

Personar med AS har vanskar med språk, kommunikasjon og sosial samhandling. Dette gjer det utfordrande for denne elevgruppa å nå måla i norsk i læreplanen for faget norsk, munnleg kommunikasjon i Kunnskapsløftet. Heftet har eksempel på korleis lærarar kan forankre arbeidet med sosial utvikling direkte til faglege mål. Det illustrerer korleis og kvifor det er viktig å arbeide med språk, kommunikasjon og sosial samhandling.

Handboka og eksempelheftet er utvikla gjennom eit prosjektsamarbeid mellom PP-tenesta i Stavanger og Statped. Dei kan lastast ned gratis frå www.statped.no. Den digitale versjonen gjer det mogleg med enkel kopling mellom ulike kapittel og har lenkjer til eksterne ressursar på Internett, som til dømes bilde, film og tekst.

Side 17 av 22