StatpedMagasinet 1–2018

Eit viktig minoritetsspråk

Norsk teiknspråk er eit fullverdig språk. Det er eit minoritetsspråk og blir brukt av døve og tunghøyrte, men også av høyrande.

At vi treng å utdanne fleire lærarar, er det inga usemje om. Her viser Aina Therese Fossum, leiar i Hørselshemmede barns organisasjon, teiknet for skole. Les kronikken hennar Et sjumilssteg for tegnspråk.

Mange høyrselshemma er tospråklege og nyttar både norsk talespråk og teiknspråk. Med god screening blir høyrselstap oppdaga tidleg og tiltak sette inn. Betre teknologi med høyreapparat eller cochleaimplantat (CI) gjer at fleire kan nytte høyrselsresten sin.

CI er eit teknisk hjelpemiddel som kan gi lydoppleving for dei med store høyrselstap. Meir enn 90 prosent av alle døve barn får tilbod om CI, ifølgje tal frå 2011.

Blir brukt av mange

Norsk teiknspråk har likevel ein svært viktig funksjon og blir brukt av kring 16 500 personar, ifølgje tal frå Norges Døveforbund. Dei aller fleste er tospråklege og nyttar altså talespråk i tillegg til teiknspråk.

For menneske med nedsett høyrsel kan det vere avgjerande å meistre teiknspråk godt. Til dømes treng dei gjerne å veksle mellom tale og teiknspråk når dei lyttar, slik at dei kan bruke kreftene sine til å forstå innhaldet og ikkje berre orda som blir sagt.

Språkval

Menneske med store høyrselstap må ta stilling til korleis dei ønsker å kommunisere. Dei vel mellom kommunikasjon basert på talespråk eller teiknspråk, eller begge. Foreldra tar valet når barna er små, men språkvala er ikkje endelege, fordi behova og ønska kan endre seg over tid. Språkvala får betydning for undervisninga i skolen.

Nokre får opplæring i både norsk og norsk teiknspråk. Timetalet er utvida, og opplæringa i teiknspråk kjem i tillegg til ordinær undervisning. Skolane følger fire eigne læreplanar i tillegg til dei ordinære. Ein av desse er læreplan i norsk teiknspråk. Rettane til slik opplæring i og på teiknspråk er stadfesta i opplæringslova paragraf 2-6 Teiknspråkopplæring i grunnskolen (lovdata.no) og paragraf 3-9 Teiknspråkopplæring i den vidaregåande skolen (lovdata.no).

Andre elevar har ei meir avgrensa opplæring i teiknspråk. Timane blir tatt frå anna undervisningstid, og skolane vel ut berre nokre moment frå læreplanen i teiknspråk. Slik opplæring er i opplæringslova definert som spesialundervisning, jamfør paragraf 5-1 Rett til spesialundervisning (lovdata.no).

Samlingar og fjernundervisning

Språk er ofte lettast å lære saman med andre. Høyrselshemma elevar får difor tilbod om undervisning i og på teiknspråk saman med andre med nedsett høyrsel. Dette er eit tilbod i regi av Statped og skjer både fysisk og via video.

Ein gong i veka møtest tre til fire elevar og ein lærar til ei fjernundervisning ved hjelp av videokonferanse. Inntil tolv veker i året er elevane samla til deltidsopplæring tre til fire stader i landet. Desse tilboda gir kontinuitet og intensitet i språkopplæringa.

Råd, rettleiing og kurs

Norske kommunar har ansvar for skole og opplæring. Dei skal sørge for eit likeverdig opplæringsmiljø og legge til rette for at alle får eit godt læringsutbytte. Når elevar skal ha opplæring i og på teiknspråk, må kommunane ha lærarar med kompetanse på teiknspråk og høyrsel som kan vere teiknspråkmodellar, kan undervise etter to sett fagplanar og legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø.

Om kommunane ønsker det, kan skolar og PPT få rettleiing, råd og kurs hos Statped.

Styrker teiknspråket

Norsk teiknspråk er eit fullverdig språk som blir nytta av mange. Språkrådet skildrar det som eit identitetsmerke og eit kulturuttrykk for ein språkleg minoritet. For nokre er teiknspråk det primære språket. Andre er tospråklege og vekslar mellom talespråk og teiknspråk etter situasjonar og behov. Det offentlege har difor ansvar for å utvikle og styrke teiknspråket. Statped skal auke kunnskapen om teiknspråk hos tilsette i barnehage, grunnopplæringa og PP-tenesta.

Statped har også tilbod til dei som står nær teiknspråkbrukarane. Eit av dei er samtalar med foreldre til små barn med nyoppdaga høyrselstap. I dette strakstilbodet kan foreldra stille spørsmål og få ein orientering om vegen vidare.

God start er eit kurstilbod for foreldre til små barn med nyoppdaga høyrselstap. Der får dei ei grunnleggande innføring i teiknspråk og ulike tema knytte til høyrselstap, som språk, samspel og kommunikasjon.

Foreldre og søsken til høyrselshemma barn får også tilbod om opplæring i teiknspråk to til fire veker i året fram til barnet er 16 år. Kurstilbodet til foreldre heiter Se mitt språk. Statped greier ut og prøver ut teiknspråkleg tilbod til barn under opplæringspliktig alder, barn som har døve foreldre og kurstilbod til elever i vidaregåande opplæring.

Er ikkje talespråk med teikn

Mange har nytte av teikn ved sida av talt språk i kommunikasjonen. Dette blir omtala som til dømes teikn-til-tale eller norsk med teiknstøtte.

Norsk med teiknstøtte (NMT) er ikkje eit språk, men ein strategi for å kommunisere. Det er talespråk kombinert med enkeltteikn, mimikk og kroppsspråk.

Tekst: Ragnhild Thornam / Foto: Morten Brun

Side 5 av 31

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!