StatpedMagasinet 1–2018

Teiknspråk som fag i skolen

Nokre skolar tilbyr teiknspråk som framandspråk eller valfag. Tilbodet er enkelte stader så populært at elevane står på venteliste for å få plass.

– Det er svært positivt at skolar tilbyr teiknspråk. Det er ein trend i samfunnet at fleire er nyfikne på teiknspråk, og språket er meir tilgjengeleg for fleire, seier Martin Berhovde i Norges Døveforbund. Han sit også i Statped sitt ungdomspanel.

Martin Berhovde frå Norges Døveforbund sit også i Statped sitt ungdomspanel.

Tilbod ved knutepunktskolar

Stadig fleire skolar tilbyr teiknspråk som framandspråk. Elevane kan då velje å få undervisning i teiknspråk i staden for til dømes tysk, fransk eller spansk. Nordahl Grieg vidaregåande skole i Bergen var ein av dei første skolane som fekk på plass eit slikt tilbod. Skolen er ein knutepunktskole for høyrselshemma i Hordaland fylke og har difor eit tilrettelagt og organisert tilbod for høyrselshemma.

– Vi håper tilbodet bidrar til å skape større interesse for teiknspråk, seier fagleiar Sverre Urheim Lie ved Nordahl Grieg vidaregåande skole.

Sverre Urheim Lie er fagleiar ved Nordahl Grieg vidaregåande skole i Bergen.
Foto: Sean Kendal Meyer

Etter kvart har fleire andre skolar følgt etter. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at ti skolar i landet tilbyr teiknspråk som fellesfag, medan fem skolar har teiknspråk som programfag. Eit fellesfag er eit obligatorisk fag medan programfag er fag elevane vel sjølve.

Fleire av skolane er knutepunktskolar. Tiller vidaregåande skole, Sandefjord vidaregåande skole og Nydalen skole i Oslo har dei siste åra tilbode teiknspråk som framandspråk. Hetland vidaregåande skole i Stavanger tilbyr også faget, men førebels berre for høyrselshemma elevar.

Tilbod på ungdomsskolen

Teiknspråk som fag er også på veg inn på ungdomstrinnet. Vågsøy ungdomsskole i Måløy starta med teiknspråk som framandspråk allereie for tre år sidan. I Trondheim og Bergen har bystyra fatta politiske vedtak som skal styrke teiknspråket.

I Trondheim skal kommunen arbeide for teiknspråk som framandspråk og valfag på skolar med teiknspråklege elevar. Ungdomsskolane Huseby, Sunnland og Ugla tilbyr difor teiknspråk som framandspråk frå hausten. Kommunen prøver også ein modell for teiknspråk som eit slags valfag i barneskolar.

I Bergen har politikarane vedtatt ei prøveordning med teiknspråk som valfag ved Nattland oppveksttun. Skolen har i dag undervisning i og på teiknspråk for høyrselshemma elevar i Bergen kommune.

Eit valfag består av nokre få undervisningstimar i veka. Det gir med andre ord ein smakebit på faget.

Populært fag på vidaregåande

Fleire vidaregåande skolar Statped har snakka med, fortel at teiknspråk er svært populært. Nokre stader står elevane på venteliste for å få plass.

– Vi har positiv erfaring med faget og opplever at interessa aukar, seier Sigrid Slettebakk Berge, avdelingsleiar ved Tiller vidaregåande skole.

– Vi har større pågang enn talet på plassar. Faget er veldig populært, seier avdelingsleiar Marie Smith ved Nydalen vidaregåande skole.

Dei erfarer at mange elevar vel teiknspråk fordi det er eit visuelt språk som skil seg frå andre fag.

– Det er ikkje alle som liker spansk, fransk eller tysk. Då kan teiknspråk vere eit nytt og spanande alternativ, seier Berge. Andre vel teiknspråk fordi dei kjenner nokon som er høyrselshemma eller fordi dei ønsker å jobbe innanfor det høyrselsfaglege feltet.

Mål om inkludering

Skolane som tilbyr teiknspråk, har gjerne eit særskilt tilbod til høyrselshemma elevar. Å skape inkluderande læringsmiljø er eit av måla med å tilby teiknspråk til fleire. Det var utgangspunktet for Vågsøy ungdomsskole, som ville skape eit teiknspråkmiljø for å førebu seg på å ta imot nokre elevar med nedsett høyrsel.

– Det har ikkje gått heilt som vi håpte, seier inspektør og rådgjevar Edle Iversen ved Vågsøy ungdomsskole. Elevane nyttar i minimal grad språket utanfor klasserommet og bruker det ikkje for å kommunisere med dei høyrselshemma elevane. Inspektøren skildrar eit inkluderande læringsmiljø, men ikkje grunna teiknspråk som framandspråk.

På vidaregåande nivå er derimot erfaringane meir positive. – Vi jobbar mykje med inkludering og er glade for at det er stor interesse for teiknspråk som fag, seier Sverre Urheim Lie ved Nordahl Grieg vidaregåande skole.

Nyttig kunnskap

Martin Berhovde i Døveforbundet synest det er svært positivt at nokre skolar no tilbyr teiknspråk. Han meiner alle kan ha nytte av å kunne litt teiknspråk.

– Dei fleste vil møte nokon som bruker teiknspråk, anten på skole, på jobb eller i sosiale samanhengar. Då er det nyttig å kunne litt av språket. Ved å lære litt lærer ein å tenke visuelt. Det er også nyttig når ein kommuniserer med folk frå andre kulturar, seier Berhovde. Han er sjølv døv og set stor pris på å treffe menneske som kan noko teiknspråk og tør å ta det i bruk.

– Det er viktig at teiknspråk blir sett på som eit språk og ikkje eit hjelpemiddel. Ved å lære språket anerkjenner ein eit språk som er viktig for identiteten, kulturen og kvardagen til døve og høyrselshemma, seier Berhovde.

Saknar eigen læreplan

Fleire lærarar Statped har snakka med, saknar ein eigen læreplan i teiknspråk. No nyttar dei ein generell læreplan for framandspråk. Utdanningsdirektoratet er einig i behovet.

– Utdanningsdirektoratet har tilrådd Kunnskapsdepartementet at det blir utvikla ein eigen læreplan i norsk teiknspråk som framandspråk. Ein sentralt utvikla plan vil sikre større likskap i opplæringstilbodet, uavhengig av kor elevane er busette, seier seniorrådgjevar Bente Heian i Utdanningsdirektoratet.

Tekst: Ragnhild Thornam

Side 20 av 31