Stemmevanskar og tilrettelegging ved eksamen

Opplæringslova sikrar tilrettelegging for elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Lov om universitet og høgskole regulerer rettane for studentar. 

Behovet for tilrettelegging er individuelt og varierer med oppgåvene som skal løysast. Eksempel på tilrettelegging ved eksamen kan vere utvida tid.

Tilrettelegging for elevar

Eleven sine behov skal liggje til grunn for tilrettelegging ved eksamen, ifølgje Opplæringslova. Elev eller føresette må søkje rektor om tilrettelegging.

Det er ikkje krav om at eleven har spesialundervisning i det aktuelle faget for å få tilrettelegging, men rektor kan krevje tilråding frå sakkunnig instans.

Tilrettelegginga skal ikkje gje eleven fordelar eller vere av ei slik grad at eleven ikkje blir prøvd i dei aktuelle kompetansemåla.

Les meir om eksamenstilrettelegging i grunnskulen og vidaregåande opplæring på nettstaden udir.no (PDF), eller på lovdata.no.

Tilrettelegging for studentar

Læringsmiljøet ved universitet og høgskular skal utformast etter prinsippa for universell utforming i følgje Lov om Universitet og Høgskole. Så langt det let seg gjere skal studiestaden leggje til rette for studentar med spesifikke språkvanskar, men utan å redusere dei faglege krava. Det inneber individuell tilrettelegging av undervisning, læremidlar og eksamen.

Institusjonen skal, så langt det er mulig og rimelig, legge studiesituasjonen til rette for studenter med særskilte behov. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilt ved det enkelte studium.