Slik finn du fram på statped.no

Her er litt hjelp til å finne fram på nettstaden statped.no.

Fagområde og læringsressursar

Vi har laga ein felles inngang til fagområda våre

Læringsressursar har også si eiga side der du anten kan søke i eller filtrere ressursane.

Forsking og utvikling (FoU) har også eiga side. 

Tema om utvikling og læring

Innhald frå fagområda våre har vi knytt saman i pedagogiske tema som mange er opptekne av, og som kan gjere det enklare å finne det du er ute etter.

Tenester

Alle tenestene til Statped  finn du på statped.no. Du kan velje mellom å sjå på tenestene våre sortert etter typar eller ut frå fagområda våre.

Kurs og konferansar er det serleg grunn til å gjere deg merksam på. Her byr vi fram mykje for alle som er interesserte i særskilde opplæringsbehov.

StatpedMagasinet er nyttig lesnad. Du kan lese dei nyaste magasina våre like godt på ei leselist for blinde som på ein skjerm.

Søknad om tenester

Søke om tenester hos Statped kan ikkje alle, men dei som kan, får du oversyn over. Og om det trengst, veit du kven du kan vende deg til.

Lik tilgang på alle plattformer

Du skal få same tilgangen til statped.no uavhengig av om du er på mobil, nettbrett eller PC/Mac. Vi håper at du erfarer nettopp det.

Hjelp oss å bli betre

Kanskje finn du feil på nettstaden vår, eller kanskje finn du ikkje att innhald som du hadde glede av før? Send ein e-post til redaksjon@statped.no – vi ser fram til å høyre frå deg.

Vi i Statped håper at du får mykje glede av statped.no.