Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg som person. Statped følger personvernregelverket og skal behandle alle personopplysningar på ein lovleg og sikker måte.
Om personvern i Statped
Personvernerklæringa tar for seg personopplysningar der Statped (organisasjonsnummer 998 554 640) er behandlingsansvarleg.
Statped behandlar personopplysningar der vi sjølv bestemmer formålet med behandlinga. Personvernerklæringa omtaler også tilfelle der andre verksemder kan vidarebehandle personopplysningar.
Liste over system Statped registrerer informasjon om eksterne i per august 2024 (pdf)
Statped registrerer ikkje personsensitive data der ein person har skjult identitet. Vi får heller ikkje tilgang til strengt fortrulege adresser.
Behandling av personopplysningar om tilsette tek vi for oss i ei eiga personvernerklæring.
Statpeds behandling av personopplysningar er først og fremst heimla i lover og forskrifter.
Statped er ei offentleg verksemd og behandlar personopplysningar, jamfør krav og forpliktingar i forvaltningslova, offentleglova, arbeidsmiljølova, anskaffingslova, arkivlova, bokføringsloven med fleire – alle med tilhøyrande forskrifter.
I tillegg har Statped behov for å hente personopplysningar i samband med å utføre delar av kjerneverksemda vår. Dette gjeld mellom anna dersom du får rådgiving, melder deg på kurs- og konferansar, låner skulelydbøker og søker ei stilling. Statped behandlar ikkje personopplysningar med mindre lova gir grunnlag for slik behandling.
Det generelle behandlingsgrunnlaget for personopplysningar er lov om behandling av personopplysningar (personopplysningslova) (lovdata.no).
I personopplysningslova er Europaparlaments- og rådsforordningen om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger (personvernforordninga) (EU) 2016/679 av 27. april 2016, tatt inn (implementert) i norsk lov, jamfør lovdata.no. Vi viser til personvernforordninga i denne personvernerklæringa.
All bruk av databehandlarar og overføring av personopplysningar til utlandet vil skje i samsvar med gjeldande lovkrav og retningslinjene våre.
Personopplysningane dine blir lagra så lenge Statped har rettsleg grunnlag for dette. Opplysningane vil bli sletta når dei ikkje er nødvendige for å oppnå formålet. Statped oppbevarer til dømes personopplysningar om låntakarar så lenge låneforholdet med Statped varer.
Statped er pålagt å ta vare på visse personopplysningar i tråd med rekneskapslovgivinga, til dømes fakturagrunnlag/betalingsinformasjon i samband med at du kjøper læringsressursar.
Alle data i Statpeds etatsinterne fagsystem (Fabris) som er knytt til individtenester, blir varetekne på ei såkalla sikker sone. Det inneber mellom anna at dei er sikra bak ein brannmur utan kopling til Internett. Fagsystemet er integrert med Statpeds arkivsystem. Vi står sjølv for utvikling og support.
Statped er lovpålagt å ha eit elektronisk arkivsystem. Her lagrar vi skriftleg korrespondanse med oss.
Medarbeidarane våre bruker e-post og telefon i det daglege arbeidet sitt. Vi arkiverer relevante opplysningar i arkivsystemet vårt. Samtaleloggen til hovudnummeret vårt lagrar vi i tre månader.
Vi har eigne løysingar for å kryptere sendingar av opplysningar som er sensitive, teiepliktige eller fortrulege på annan måte.
Personopplysningane dine blir ikkje utleverte i andre tilfelle eller på andre måtar enn dei vi har nemnd i denne personvernerklæringa. Dette gjeld med mindre ei utlevering er
- noko du som opplysningane angår, eksplisitt oppmodar eller samtykker til
- lovpålagd, for eksempel til offentlege styresmakter
Statped har avgrensa tilgangen til personopplysningar om dei som nyttar tenestene våre, til dei tilsette som har behov for desse opplysningane for å kunne yte tenester og tilbod til dei det gjeld. Berre behandlar, linjeleiarar, arkivarar og Statpeds IKT-ansvarlege for fagsystemet vårt har tilgang til registrerte data.
Statped kan også i særskilde tilfelle der drifta av verksemda vår gjer det nødvendig, dele desse opplysningane med databehandlarane og leverandørane våre, for eksempel leverandørar av lagringstenester for dataene våre, og dessutan rådgivarane våre, konsulentar, advokatar og revisorar. Opplysningane kan også delast med politi og andre styresmakter dersom vi får pålegg om det.
Bruk av databehandlarar inneber at det er databehandlaren som behandlar personopplysningar på vegne av Statped. Derfor har vi databehandlaravtalar mellom Statped som behandlingsansvarleg, og aktuelle databehandlarar.
Alle leverandørane våre opptrer i samsvar med databehandlaravtalar og instruksen vår, og dei er lokaliserte innanfor EØS. Ein leverandør kan berre nytte personopplysningar for dei formåla som vi har bestemt, og som er beskrivne i denne personvernerklæringa.
Statped overfører ikkje personopplysningar om deg som er brukar av tenestene våre, til land utanfor EU/EØS.
Statistikk
Statped fører statistikk, rapporterer til overordna styresmakter og samarbeider om forsking og utvikling med forskingsverksemder (FoU-arbeid).
Det rettslege grunnlaget er allmenne interesser, jamfør personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e (lovdata.no) og artikkel 9 nr. 2 bokstav j (lovdata.no), med supplerande rettsgrunnlag i personopplysningslova §§ 8 og 9 (lovdata.no).
Det ikkje er mogleg å identifisere enkeltpersonar i resultatet som ligg føre etter behandlinga.
Spørjeundersøkingar
Statped gjer også brukar- og spørjeundersøkingar. Vi behandlar ikkje særlege kategoriar personopplysningar i samband med slike undersøkingar.
Det rettslege grunnlaget er å avvege interesser, jamfør personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f (lovdata.no). Formålet er at tenestene våre møter behova og forventningane til brukarane, og at vi kan gjere tenestene betre. Denne interessa står ikkje i motstrid til omsynet til dei registrerte sitt personvern.
Brukarar og foreldre kan kontakte Statped for å reservere seg mot å delta i undersøkingar. Vi registrerer reservasjonar i fagsystemet vårt.
Vi slettar eller anonymiserer personopplysningar innan seks månader etter at ei brukar- eller spørjeundersøking er avslutta.
Du har rett til innsyn i kva personopplysningar Statped har om deg. Kva rettar du har, avheng av omstenda.
Dersom du vil utøve rettane dine, kan du kontakte oss.
Under følger eit oversyn over kva du har rett til når det gjeld personopplysningar som Statped har om deg.
Innsynsrett
Du har rett til å sjå kva opplysningar vi behandlar om deg.
Statped har plikt til å føre postjournal. Vi journalfører og arkiverer alle arkivverdige dokument. Det betyr at alle kan søke innsyn i Statpeds korrespondanse med mindre dokumenta er friteke frå innsyn etter særskilde reglar om teieplikt. Det rettslege grunnlaget for å få innsyn i offentlege dokument følger av offentleglova § 3. Du kan søke om innsyn gjennom søketenesta einnsyn.no.
Rett til korrigering (rettingar)
Dersom vi behandlar opplysningar om deg som er ikkje er rette, kan du kreve at vi rettar dei eller legg til opplysningar.
Rett til sletting
I særlege tilfelle kan du få sletta opplysningar om deg.
Rett til avgrensing av behandling
I nokre tilfelle kan du be om at vi kan avgrense behandlinga av personopplysningane dine. I så fall kan vi lagre personopplysningane dine, men vi kan ikkje bruke dei til noko.
Rett til kontradiksjon (motseeing)
Du har i visse tilfelle rett til å motseie deg behandlinga vår av personopplysningane dine.
Rett til dataportabilitet
Du har i visse tilfelle rett til å få utlevert personopplysningar om deg og bruke desse opp att på tvers av ulike system og tenester. Med retten til dataportabilitet kan du flytte persondata frå ein tenesteleverandør til ein annan på ein trygg og sikker måte.
Behandlingsansvarleg
Statped er behandlingsansvarleg. Det inneber at vi har ansvaret for korleis personopplysningane blir behandla hos oss.
Databehandlaravtalar
Vi har inngått databehandlaravtalar med fleire eksterne leverandørar. Avtalane regulerer korleis leverandørane skal behandle personopplysningar på vegner av oss. Databehandlarar behandlar berre personopplysningar etter instruks frå Statped, og dei kan ikkje bruke personopplysningane til andre formål enn det som følger av avtalen. Databehandlarane våre har same teieplikt som tilsette i Statped.
Område for personvern
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i kommunar og fylkeskommunar kan søke Statped om individtenester. Vi gir også råd gjennom Spør oss.
Formålet er å yte riktige, tilpassa tenester. Leveringa av tenestene skjer i gjensidig og forpliktande samarbeid med PPT som følge av ein søknad til Statped. I enkelte tilfelle treng vi å hente særlege kategoriar av personopplysningar for å spesialisere tenestene våre på individnivå.
Dokumentasjonen vi får, registrerer vi i det etatsinterne fagsystemet vårt (Fabris).
Statped registrerer ikkje personsensitive data dersom ein person har skjult identitet. Vi får heller ikkje tilgang til strengt fortrulege adresser.
All korrespondanse som inneheld personsensitive opplysningar, skal gå via digital post, brev i ordinær post eller telefon. Søknadsskjema ligg på statped.no.
Det er som hovudregel forbudt å hente særlege kategoriar av personopplysninger, sjå personvernforordninga, artikkel 9, nr. 1 (lovdata.no).
Rettsleg grunnlag for å hente særlege personopplysningar følger av personvernsforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a (lovdata.no), jamfør artikkel 9 nr. 2 bokstav a og b (lovdata.no). Når ei individteneste er sluttførd, blir saka avslutta i fagsystemet. Alle data blir arkiverte i tråd med arkivlova (lovdata.no).
Når du melder deg på kurs og konferansar i regi av Statped, treng vi som hovudregel påmelding der du må oppgi kontaktinformasjon.
Formålet er å sørge for at du får plass på arrangementet, og at vi kan kommunisere med og følge deg opp som deltakar.
Du melder deg på eit kurs eller ein konferanse ved å fylle ut eit skjema som det er lenkje til for kvart arrangement. Annan kommunikasjon skjer via e-post.
Vi registrerer data om påmelding i Statpeds fagsystem (Fabris). Ved påmelding til arrangement som har kursavgift, registrerer vi også informasjon i fakturasystemet vårt.
Rekneskapsdata blir oppbevarte inntil ti år i samsvar med gjeldande reglar på området.
Dersom du har krav om å få dekt utgifter for å delta på Statpeds arrangement, vil vi oppbevare kontaktinformasjon og dokumentasjon av krav i samsvar med rekneskapsreglar.
Heimel for desse pliktene er mellom anna rekneskapslova, bokføringslova, skattelova, skatteforvaltningslova, skattebetalingslova og meirverdiavgiftslova.
I tillegg kan vi behandle personopplysningar i samband med rådgivingsoppdrag. Vi hentar og behandlar personopplysningar hovudsakleg for å sikre rett grunnlag for inn- og utbetalingar.
Skolelydbok er ei utlånsordning for lydbøker der skolane fungerer som administratorar for lån til elevane.
Lånarar av skolelydbøker må oppgi kontaktinformasjon og personopplysningar klassifisert som «særlege kategoriar».
Personopplysningane blir oppbevarte så lenge ein lånar nyttar utlånstilbodet. Lånehistorikk kan dei som låner, slette sjølv via «Mi side».
Formålet med å hente særlege personopplysningar er å sikre at ein lånar har rett til å låne skulelydbøker frå Statped.
Statped hentar personopplysningar for å oppfylle avtaleforpliktingar overfor lånarar av skulelydbøker, eller for å gjennomføre tiltak etter ønske frå lånarane før dei inngår ein låneavtale. Desse opplysningane hentar vi i samsvar med reglane i personvernforordninga, artikkel 6, særskilt behandlingsgrunnlaget i nr. 1 bokstav a, b og f (lovdata.no). Vidare formål med å hente personopplysningar i «særlege kategoriar» er knytt til eksemplarframstilling av tilrettelagt læremiddel med heimel i åndsverkslova, kapittel 3, del VI «Bruk av verk for personar med nedsett funksjonsevne» (lovdata.no).
Statped og Tibi (tidlegare NLB) samarbeider om å låne ut skolelydbøker og behandle personopplysningar som er nødvendige for å tilby utlåns- og distribusjonstenester. Det ligg føre ein avtale mellom Statped og Tibi om eit felles behandlingsansvar for personopplysningar (jamfør «Ordning med felles behandlingsansvar ved samordnet utlåns- og distribusjonsløsning /Statped og NLB»). Samarbeidsordninga er utforma slik at krava blir overhaldne og etterlevde, jamfør krav til felles behandlingsansvar i samsvar med personvernfordordninga artikkel 26 (lovdata.no).
Heimel for desse pliktene er mellom anna rekneskapslova, bokføringsloven, skattelova, skatteforvaltningslova, skattebetalingslova og meirverdiavgiftslova. I tillegg kan Statped behandle personopplysningar i samband med rådgiving og for å sikre rett grunnlag for inn- og utbetalingar.
Sjå Tibis personvernerklæring (tibi.no) for meir informasjon.
Statped lagrar personopplysningar så lenge vi har rettsleg grunnlag for det. Vi slettar opplysningane når dei ikkje lenger er nødvendige for å oppnå formålet. Statped oppbevarer til dømes personopplysningar om låntakarar så lenge låneforholdet varer.
Vi er også pålagde å ta vare på visse personopplysningar for å oppfylle krav i rekneskapslovgivinga, til dømes fakturagrunnlag/betalingsinformasjon viss du må kjøpe læringsressursar.
Statped gir fjernundervisning knytt til tenestene deltidsopplæring for høyrselshemma grunnskuleelevar og se mitt språk.
Vi hentar særskilt skriftleg samtykke til å bruke bilete, lyd, film filmopptak og streaming i forkant av fjernundervisning.
Vi nyttar læringsplattforma Canvas frå Instructure Inc (USA) for å drive fjernundervisning. Informasjon frå Canvas om personvern finn du her:
Laste ned
Frå statped.no lenkar til læringsressursar i form av appar og programvare som eksterne leverandørar utviklar. Vilkår for å laste ned og bruke desse følger av kva utviklar av kvar einskild app til kvar tid bestemmer.
Nokre appar og programvare som vi lenkar til frå statped.no, lagrar personopplysningar. Det inneber at når skular og barnehagar lastar ned og tek i bruk appar og programvare, er skule- og barnehageeigarar ansvarlege for
- å vareta personvern hos eigne tilsette og barn/elevar
- å gjere sjølvstendige risikovurderingar og inngå databehandlaravtale for aktuelle appar og programvare
Les meir om plikt til å vurdere og vareta personvern i Datatilsynets rettleiar (datatilsynet.no).
Kjøpe
Statped sel enkelte læringsressursar. Vi sel dei gjennom
I desse tilfella er det behov for å registrere personopplysningar for å kunne inngå avtalar om sal av materiell til kundane våre, jamfør personopplysningsforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b (lovdata.no).
Formålet med å hente opplysningane er at kjøpar får betalt og levert bestilte varer og tenester frå Statped.
Vi viser til personvernerklæringane frå nettbutikkane som er nemnde over.
Behandlinga av personopplysningar knytt til rekneskap er i hovudsak retta mot skatt og avgift og dessutan løn. Heimel for desse pliktene følger mellom anna av rekneskapslova, bokføringsloven, skattelova, skatteforvaltningslova, skattebetalingslova og meirverdiavgiftslova. I tillegg kan personopplysningar behandlast i samband med avtalar og rådgivingsoppdrag. Personopplysningar blir hovudsakleg henta og behandla for å sikre rett grunnlag for inn- og utbetalingar.
Søker du jobb i Statped, hentar vi nødvendige opplysningar om deg for å vurdere jobbsøknaden din. Formålet med å samle inn personopplysningar når vi tilset nokon, er å vurdere søkarane slik at vi får tilsett rett person.
Opplysningane hentar vi frå dokumenta og skjema du sender oss, som søknadsbrev, CV, vitnemål og attestar. I tillegg kjem opplysningane frå eventuelle intervju med deg og referansane dine. Når du søker ei stilling hos oss, kjem namnet ditt på ei offentleg søkarliste. Vi utleverer ikkje fleire opplysningar om deg.
Jobbsøknader i søkesystemet hr-manager.net, slettast innan 120 dagar. Søknader frå personar som har fått status som tilsett, eller som har vorte intervjua, blir sletta innan 540 dagar.
Dersom du blir tilsett, oppbevarer vi personopplysningar om deg så lenge du er tilsett. Etter at tilsetjingsforholdet er avslutta, oppbevarer vi personopplysningane dine i opptil tre år.
Dersom du ikkje blir tilsett, beheld vi personopplysningar i inntil tolv månader etter rekrutteringsprosessen.
Det rettslege grunnlaget for behandlinga er å oppfylle Statpeds legitime interesse i å ta adekvate rekrutteringsavgjerder. Sjå personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Samtykke (jamfør personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a) nyttar vi også når vi rekrutterer. Dei som søker jobb i Statped, samtykker til at vi kan behandle søknadspapira med formål om å vurdere jobbsøknader.
Tilgangskontroll
Når du besøker Statpeds kontorstader, blir du bede om å registrere deg som besøkande. Opplysningane gjer det mogleg for oss å vite kven som er i bygget. Vi treng opplysningane for å vareta tryggingsmessige omsyn og ha oversikt over personar ved evakuering av bygget.
Vi har også inngangskontroll på kontorstadene våre og behandlar informasjon om namn og inn- og utpasseringar for dei som oppheld seg i bygget. Formålet er å sikre tilsette, leverandørar og gjester tilkomst til nødvendige soner.
Det rettslege grunnlaget for behandlinga er Statpeds rettmessige interesse i å sikre at tilsette, tenesteleverandørar og gjester får tilgang til avlåste område. I tillegg gjeld tryggingsomsyn slik at vi har opplysningar om kven som er i lokala våre til kvar tid, jamfør personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f (lovdata.no).
Kameraovervaking
Vi har sett opp kamera utanfor kontorstaden vår i Gamle Hovsetervei 3, Oslo. Vi overvaker spesielt utsette område, som inngangsdører og enkelte av hjørna til bygga våre. I soner med kameraovervaking varslar vi med skilting på eigedom og bygg.
Formålet med kameraovervakinga er å førebygge og oppklare uønskte hendingar som hærverk og innbrot. Statped skal ikkje nytte kameraovervaking eller -opptak til formål som ikkje harmonerer med dette, men vi utleverer opptak til overordna styresmakt etter pålegg, eksempelvis frå politiet.
Kameraovervakinga kan behandle biletet ditt og eventuelle handlingar du utfører medan du er underlagd kameraovervaking. I samband med dette blir det behandla videobilete av personar som har bevega seg i kameraovervakte soner. Skylagring av informasjon frå kamera strekker seg over maksimum 30 dagar. Opptaka blir lagra i opptil tre månader.
Det rettslege grunnlaget for behandlinga er Statpeds rettmessige interesse i å vareta eigedommen og tryggleiken til dei som ferdast på eigedommen, jamfør personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f (lovdata.no).
Når nokon besøker nettsidene til Statped, nyttar vi analyseverktøya Google Analytics, Hotjar og Monsido for å analysere bruken av sidene. Formålet er å betre og vidareutvikle sidene til beste for nettbrukarane våre.
Vi viser til personvernerklæringa for kvart analyseverktøy:
Personvernerklæring for Google Analytics (policies.google.com)
Persomvernerklæring for Hotjar (hotjar.com)
Personvernerklæring for Monsido (monsido.com)
Særleg om Google Analytics
Statped anonymiserer delar av IP-adressa til nettbrukarane ved å fjerne dei siste siffera frå adressa før informasjonen blir lagra av Google Analytics.
Vi har også slått av funksjonar i Google Analytics som samlar personopplysningar som kan levere data til annonsebørsen DoubleClick.
Vi nyttar heller ikkje Google Analytics til å lage såkalla Remarketing Audiences og bruke desse i Google Ads eller Google Display & Video 360.
Gjennom lenkene nedanfor kan du
- melde deg ut av målingane frå Google Analytics (tools.google.com)
- skru av personleg tilpassa annonsar frå Google (myadcenter.google.com)
Informasjonskapslar (cookies)
EPiServer CMS er publiseringssystem (Content Management System) for statped.no og nyttar denne informasjonskapselen:
Informasjonskapsel | Varigheit | Forklaring |
ASP.NET_SessionId | Slettast når du lét att nettleseren. | Held rede på dei unike brukarane som besøker nettstaden til eikvar tid. |
Hotjar lagrar ingen personleg informasjon og nyttar desse informasjonskapslane:
Informasjonskapsel | Varigheit | Forklaring |
_hjIncludedInSample | Slettast når du lét att nettlesaren | Fortel om brukaråtferda di skal brukast i Hotjar-analyse. |
_hjMinimizedPolls | Eitt år | Hugsar om du har vald å minimere ei brukarundersøk. |
_hjUserId | Eitt år | Registrerer brukeråtferda di med ein unik ID under og på tvers av besøk til statped.no. |
_hjClosedSurveyInvites | Eitt år | Hugsar om du har svart på ei undersøking slik at du ikkje får tilbod om å delta på same undersøkinga. |
_hjDonePolls | Eitt år | Husgsar om du har svart på ei undersøking slik at du ikkje får tilbod om å delta på same undersøkinga. |
Statped blokkerer eller slettar innlegg på flatene våre i sosiale medium med opplysningar som er
- personlege/sensitive om andre (nabo, ektefelle, barn, kollega, vener og liknande)
- ulovlege og/eller diskriminerende (personangrep, krenkingar og liknande)
- upassande (banning og liknende)
- irrelevante og/eller villeiande (spam, verving, reklame og liknande)
Vi blokkerer også brukarar utan varsel som ikkje varetek dette.
Statped har ei side på Facebook: https://www.facebook.com/statped/
Les om vilkår og retningslinjer om Facebook frå Meta (facebook.com).
Statped har ein profil på Instagram (instagram.com/statped).
Les om korleis Instagram varetek personvernet ditt på privacycenter.instagram.com.
Statped har ein bedriftsprofil på LinkedIn (linkedin.com/company/statped/mycompany).
Les om korleis LinkedIn varetek personvernet ditt på LinkedIn Privacy Policy (linkedin.com).
X (Twitter)
Statped har meldingar på X (twitter.com/statped).
Les om korleis X varetek personvernet ditt på X Privacy Policy (twitter.com).
Personvernombod
Statped er ei offentleg verksemd med eige personvernombod.
Personvernombodet kan hjelpe deg med spørsmål om
- Statpeds behandling av personopplysningane dine
- korleis vi vernar opplysningar om deg i registra våre
- kva for rettar du har i samsvar med personvernlovgivinga
- å få råd
- innsyn i eigne personopplysningar
- å rette feil i opplysningar vi har om deg
Personvernombodet har teieplikt, men kan hjelpe til med å bringe saka di vidare i Statped om ønskjeleg.
Du kan kontakte personvernombodet vårt på e-postadressa personvernombud@statped.no.
Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast på e-post eller via SMS, men kan utvekslast munnleg eller ved å bruke sikker e-post.
Datatilsynet er ein annan instans som kan hjelpe til i saker om personvern. Sjå meir informasjon om rettane dine hos Datatilsynet – personvern og informasjonstryggleik (datatilsynet.no).