Korleis oppdage og kartlegge synsnedsetjingar
Mistanke om hjernerelaterte synsvanskar (CVI)
Dersom synsundersøkingar viser at det ikkje er ein skade i auga, kan det vere grunn til å mistenkje at dei synsmessige utfordringane kjem av ein hjernerelatert synsvanske (CVI). Det gjeld til dømes viss barnet er prematurt eller har cerebral parese eller ei medisinsk historie som inkluderer nevrologiske skadar eller forstyrringar.
I tillegg kan nokre unike visuelle og åtferdsmessige kjenneteikn vere til stades for at synsvansken blir identifisert som CVI.
Visuell merksemd
- er meir merksam mot enkelte delar av synsfeltet
- er meir visuelt merksam mot gjenstandar i rørsle
- rettar visuell merksemd mot objekt som lyser
- rettar visuell merksemd mot objekt i sterke fargar
- rettar visuell merksemd mot éin spesifikk farge, eller berre nokre få
- er meir synsaktiv når omgivnadene er føreseielege og ryddige
- er meir visuelt aktiv i kjende omgivnader enn i ukjende, også ved presentasjon for kjende objekt
- kjenner lettare att gjenstandar når få objekt presenterast samtidig
Taktil merksemd
- er meir oppteken av å ta og kjenne på objekt enn å bruke synet
- ikkje kjenner att eit objekt med synet utan å kunne ta på det
Vanskar med koordinasjon
- har vanskar med å utføre oppgåver som krev auge-hand-koordinasjon
- har vanskar med å sjå og gå samtidig
- har vanskar med å sjå og lytte samtidig
Vanskar med sanseinntrykk
- blir uroleg i omgivnader med mange menneske og/eller sanseinntrykk
- utfordringar med å skilje mellom vesentleg og uvesentleg sanseinformasjon
- føretrekker å bruke ein sans om gange
Andre kjenneteikn ved synsåtferd
- har vanskar med å finne favorittleiken blant fleire andre leikar
- har vanskar med å kjenne att ansikt, særleg i folkemengder
- ser detaljar i eit bilete, men har vanskar med å sjå og forstå heilskapen
- har vanskar med å tolke bilete og analysere komplekse biletsamansetningar
- har ein langsam visuell reaksjon
- bruker tid på å rette blikket mot noko og halde blikket på det
- har vanskar med å følgje ein gjenstand med auga
- har vanskar med å bedømme avstandar
- har vanskar med orientering og rom-retning
- har ein synsfunksjon som varierer, avhengig av omgivnadene/dagsforma
Side 6 av 8