Korleis oppdage og kartlegge synsnedsetjingar
Observasjon av aktivitetar
I tillegg til dei aldersspesifikke kjenneteikna, kan det vere formålstenleg å observere barnet i aktivitetar som stiller ulike krav til synssansen.
I grovmotoriske aktivitetar kan det til dømes observerast om barnet
- meistrar grovmotoriske aktivitetar som forventa ut frå alder
- er klumsete, snublar, fell eller kjem borti ting
- har dårleg balanse, som vanskar med å hinke, stå på eitt bein eller gå i ulendt terreng, trappar
- viser uvisse i å orientere seg og ta seg fram
- kan ta imot ein ball utan vanskar
- opplevast å ha oversikt, til dømes sjå kven som er på lag
I finmotoriske aktivitetar kan det til dømes observerast om barnet
- meistrar finmotoriske aktivitetar som forventa ut frå alder
- strevar med å teikne eller skrive
- har unormal hodestilling ved nærarbeid
- blir unormalt sliten ved nærarbeid over tid
Ved lesing kan det observerast om barnet
- blir unormalt sliten
- har unormal leseavstand
- får betre leseferdigheiter når skrift og linjeavstand blir større
- får betre leseferdigheiter når avstanden mellom ord og bokstavar blir auka
- opplever dobbeltsyn eller uklart syn etter å ha lese ei stund
- leser med fingerstøtte over tid
- hopper over eller les om igjen ord eller linjer
- memorerer teksten eller gjettar seg til ord
Det kan også observerast om barnet
- finn objekt som er plasserte på mønstra underlag
- finn objekt og detaljar i komplekse bilete
Side 5 av 8