Til hovedinnhold

Tilrettelegge eksamen ved løpsk tale

Munnleg eksamen kan vere utfordrande for dei som har løpsk tale.

Tidspress og prestasjonskrav kan påverke taleflyten negativt. Eksamen er difor utfordrande for mange med løpsk tale.

For andre med løpsk tale kan ein eksamenssituasjon ha omvendt effekt. Høg grad av fokus og konsentrert merksemd kan gjere at talen flyt betre og taletempoet går ned.

Råd til elevar:

  • Set deg inn i dei rettigheiter du har til særskilt tilrettelegging.
  • Kontakt lærar, rådgjevar eller andre som kan hjelpe deg med å søke om tilrettelegging.
  • Ver open om vanskane, og forklar lærar og sensor korleis du opplever. situasjonen, og korleis dei best kan legge til rette for at du får vist dine kunnskapar.
  • Søk gjerne råd frå logoped om teknikkar og strategiar du kan nytte ved munnlege presentasjonar.

Råd til lærar og sensor:

  • Ver ein open og ærleg kommunikasjonspartnar og spør om taleflytvanskane gjer situasjonen utfordrande.
  • Finn ut om det er noko du kan bidra med for å gjere situasjonen så god som mogleg.
  • Gje eleven signal om at du lyttar til innhaldet, ikkje korleis det blir formidla.
  • Signaliser at du har tid til å lytte.
  • La eleven snakke ferdig før du bryt inn med spørsmål.
  • Set deg inn i rettigheitene til elevar i høve særskilt tilrettelegging.