Tilrettelegging i barnehagen

Ein logoped greier ut og følger opp løpsk tale. Oppfølginga inneber å rettleie tilsette i barnehage og skule.  Logopeden arbeidar med eleven for auka medvit kring tale og kommunikasjon.

Foreldre, barnehagepersonell og lærarar kan hjelpe barnet med å rette positiv merksemd mot sin eigen tale ved å seie «Det forstod eg godt! Du sa det så tydeleg!». 

Kommunikasjonen med barnet blir lettare viss vi møter det på ein positiv og konstruktiv måte. Det er viktig å vere ein ærleg tilhøyrar når du ikkje forstår kva barnet prøver å seie. Til dømes: «Fekk du med deg det eg sa?» eller «No fekk ikkje øyret mitt med seg det du sa. Kan du seie det på ein annan måte?».
Barnet treng hjelp til struktur, orden og oversikt over kva det skal fortelje. Dersom barnet «hoppar» frå tema til tema, kan du hjelpe det ved å «rydde» i tankane; «Fyrst vil eg høyre om teaterstykket du såg i dag, så kan du fortelje meg om kva du og Per gjorde på leikeplassen….».. 

Førskulealder

Det  er vanskeleg å stille diagnosen løpsk tale før barnet er om lag 8 år.  Det er likevel anbefalt å sette i verk tidlege tiltak kring barnet om han snakkar svært utydeleg, uforståeleg, raskt og «sluker» ord og stavingar.  

Skulealder

Eldre skulebarn med løpsk tale kan trenge direkte arbeid med logoped i tillegg til god tilrettelegging i omgivnadene. Ein logoped kan hjelpe barnet til å snakke meir flytande. Barnet lærer då strategiar for å kommunisere og teknikkar for å skape flyt i talen. 

Tidleg innsats 

Tidleg innsats er nødvendig for å lære gode vanar for tydeleg tale og god kommunikasjon. Slik kan vi endre uheldig åtferd, som til dømes eit ugunstig taletempo. Auka medvit og kunnskap om vansken er viktig for at personen med løpsk tale får riktig oppfølging.
Råd for betre kommunikasjon for personar med løpsk tale