Oppdage stamming

Hos nokre barnehagebarn kan det vere vanskeleg å skilje mellom stamming og naturleg tale med lite flyt. Hos andre er det liten tvil om at det er stamming vi høyrer. Jo tidlegare vi set inn tiltak, jo betre er prognosane.

Naturleg ikkje-flyt

I to- til femårsalderen er barn i sin mest aktive utviklingsvekst og har ofte brot i talen i mindre eller større grad. Nokon barn er språkleg usikre. Dei leiter etter ord,  har vanskar med å formulere seg, repeterer småord og setningsdelar, og ofte har korte opphald i talestraumen.  Hos andre barn kan ordforråd og språk vere godt utvikla, og talemotorikken er den største utfordringa. 

Typiske trekk ved naturleg ikkje-flytande tale er tale med:

  • få og lette repetisjonar av ord og fraser 
    (eg-eg vil ha melk eller eg vil ha-eg vil ha melk)
  • jamn rytme
  • pausar
  • bruk av interjeksjonar/fyllord
    (øh, em)
  • omformulering av setningar
  • barnet er i liten grad merksam på talebrota sine

Dette er ein naturleg del av taleutviklinga og må skiljast frå begynnande stamming, som det er viktig å fange opp. Brot mellom ord og eit par lette repetisjonar av småord i byrjinga av setninga, er ofte eit teikn på naturleg ikkje-flytande tale. Også vaksne har naturleg ikkje-flyt i talen sin, i ulik grad.

Begynnande stamming

Stamming startar også oftast i alderen to til fem år. Typiske trekk ved begynnande stamming kan vere brot i talen i form av:

  • repetisjonar av lydar eller stavingar
    (ba-ba-ba-ball eller b-b-b-ball)
  • forlengingar av lyd, staving eller artikulasjonsstilling
    (baaaall)
  • total blokkering av lyd eller luft
    (b....all)

Ved fleire repetisjonar, særleg om dei blir hardare eller ein registrerer brot inni orda, kan det dreie seg om begynnande stamming. Om ein observerer at barnet har kroppsrørsler, som til dømes å bryte augekontakt, kaste på hovudet eller, trampe med foten i samband med talebrot, er det også eit teikn på at det kan vere stamming. Nokre barn er tidleg merksame på talebrota, for andre tek det lang tid.

Forsking syner at foreldre er gode til å vurdere om barnet deira stammar, og bør difor takast på alvor ved bekymring for barnet si taleflytutvikling. Det er vanleg at stamming varierer mykje mellom ulike situasjonar, som til dømes i barnehagen og heime. Stamming kjem og går også ofte i periodar på nokre veker eller månader, og kan vere heilt borte for så å kome tilbake. Overvaking av stamminga er difor viktig. Les meir om stammeutvikling i denne artikkelen

Utgreie vansken

Eit barn må utgreiast av logoped ved mistanke om stamming. For å skilje mellom naturleg ikkje-flytande tale og begynnande stamming vurderer logopeden mengde talebrot (kvantitet) og type talebrot (kvalitet). Logopeden vil også hente inn bakgrunnsinformasjon, for å vurdere kva tiltak som vil vere riktig for barnet.

Om lag 80 prosent sluttar å stamme utan hjelp, men vi veit ikkje sikkert kven som sluttar å stamme av seg sjølv eller kvifor. Om vi «ventar og ser» kan det vere vanskelegare å snu utviklinga av både stamminga og moglege reaksjonar i barnet og omgjevnadane, enn om vi sett inn tiltak på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats aukar sjansane for at stamminga tek slutt. Du kan lese meir om foreldra, barnehagen og logopeden sine roller i vidare oppfølging i denne artikkelen.

Les meir:

Hoff, Howells & Sønsterund, "Hva er stamming? Sett i relasjon til tidlig stammeforløp", Logopeden, nr.1 (2014).

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!