Til hovedinnhold

Overgang mellom grunnskule og vidaregåande utdanning

For ein ungdom med taleflytvanskar kan overgangen til vidaregåande skule vere utfordrande. Dei får nye medelevar og må i større grad stå på eigne bein.

Kontaktlærar, rådgjevar, føresette eller andre kan vera med på å gjere overgang til vidaregåande mindre utfordrande, og til ei trygg oppleving.

Råd til oppfølging i overgangen til vidaregåande:

  • Spør gjerne ungdomen om han eller ho opplever taleflytvanskane som utfordrande i møte med nye omgjevnader og personar.
  • Spør kva som er utfordrande og ver lyttande.
  • Tilby å vere med som støtte undervegs.
  • Avtal gjerne eit møte med rådgjevar ved den vidaregåande skulen. Dersom ungdomen ynskjer det kan ein kontaktperson frå ungdomsskulen vere med på eit slikt møte.
  • Dersom ungdomen ynskjer det kan det opprettast kontakt med logoped ved OT-PPT for rådgjeving og eventuelt oppfølging vidare.
  • Dersom ungdomen har hatt kontakt med logoped i ungdomsskulen er det svært viktig at vedkomande er med og støttar undervegs i overgangen.
  • Ungdomen må få moglegheit til å formidle kva som skal til for at skulekvardagen vert opplevd som god både fagleg og sosialt.
  • Munnlege presentasjonar er ofte utfordrande for den som har løpsk tale. Spør korleis ein kan legge til rette for at han eller ho får moglegheit til å vise kva han eller ho kan.
  • Den som har løpsk tale eller stammar har moglegheit til å søke om tilrettelegging ved eksamen og i andre vurderingssituasjonar. Nasjonal interesseorganisasjon for Stamme (NIFS) har meir informasjon om relevante lover og reglar i denne samanheng.