Overgang mellom utdanning og arbeidsliv

Overgangen til arbeidslivet kan vere tøff for den som stammar. Personar med taleflytvanskar opplever ofte jobbintervjuet som ein svært utfordrande situasjon.

Det er svært individuelt korleis personar som stammar opplever at vansken hemmar dei. Det varierer kor mykje og hardt dei stammar, og kor opne dei er om vanskane. Dei som bruker mykje energi på å skjule vanskane, opplever ofte meir stress i sosiale situasjonar. Les meir om stamming i vaksen alder og skjult stamming.
 
Som arbeidsgjevar er det viktig å vise forståing for vanskane. Vis interesse, vær ein god lyttar og å gi den som stammar tid til å snakke ferdig. Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS) har gode råd til både arbeidsgjevarar og arbeidssøkarar med taleflytvanskar.