Kommunikasjonsråd til nærpersonar

Nærpersonar og tilsette i barnehage og skule er viktige støttespelarar for barn som stammar. 

Her er nokre aktuelle råd:

  • Snakk i eit roleg taletempo. Prøv å modulere roleg, «lett» og sakte tale. Prøv å senke eige taletempo og legg inn nokre pustepausar når du les for barnet (korte setningar-pause-korte setningar). 
  • Ver ein tolmodig lyttar. Lytt aktivt til det barnet snakkar om og ikkje til korleis det snakkar. Gje barnet tid til å finne ut kva det vil fortelje, og korleis. La barnet få fullføre tankane sine utan å bli avbroten. 
  • Ver ein ærleg kommunikasjonspartnar. Dersom du ikkje har tid til å snakke med barnet, så sei ifrå om det. Ta opp att «tråden» seinare når det er tid. 
  • Hald naturleg augekontakt når barnet snakkar, sjølv om det stammar. 
  • Ver ein god talemodell ved å setje ord på handlingar og opplevingar. Reduser innvikla forklaringar, lange setningar og eventuelt vanskeleg språk.  
  • La barnet få snakke mest mogleg på eige initiativ. Reduser spørsmål. Spørsmål har ofte krav i seg til at tilhøyraren skal svare. Fleire spørsmål etter kvarandre kan vere stressande for barnet. 
  • Gje barnet opplevingar av å meistre. Ha fokus på barnet sine sterke sider og kva det får til. Alt som kan auke sjølvkjensla vil også kunne verke positivt inn på taleflytutviklinga. 
Diskuter gjerne desse råda med logopeden til barnet og bli samde om kva ein skal gjennomføre og korleis.