Stamming og overgang mellom barnehage og skole

Det er eit stort steg å gå frå barnehage til skole. Barn som stammar, treng vaksne som ser behova deira, og som veit kva som skal til for å gjere overgangen god.

Stamming kan bli påverka av endra livssituasjon, som overgangen frå barnehage til skole. Utviklinga av stamminga vil vere ulik for kvart einskild barn. For nokon aukar stamminga, for andre kan stamminga minske eller vere uendra. Nokre barn kan prøve å skjule stamminga. Dette kan føre til ei negativ utvikling.  
Hovudmålet er å skape eit miljø rundt barnet som gjer at overgangen blir opplevd som trygg og positiv. Dette kan vi bidra til ved å
  • ha eit tett samarbeid mellom logoped, kontaktperson i barnehagen, kontaktperson på skolen, foreldre og ikkje minst barnet sjølv. Det kan vere aktuelt å halde eit samarbeidsmøte mellom dei ulike partane på våren før skolestart. 
  • gjere det mogleg for foreldra å formidle kva som er viktig for at barnet kjenner seg trygg i møte med skolen – foreldra kjenner barnet best 
  • sørge for at alle personane rundt barnet har kunnskap om kva stamming er. Logopeden har ei viktig rolle i å gi råd og formidle kunnskap. 
  • sette oss inn i korleis akkurat dette barnet opplever det å stamme i møte med nye omgivnader og personar. 
  • lytte til barnet og ta barnet sine tankar og kjensler på alvor, uavhengig av alder. 
  • la kontaktpersonar i barnehagen få formidle sine erfaringar om kva som hjelper barnet som stammar. 
  • skape god kontakt mellom barnet og ein vaksen kontaktperson i skolen tidleg i overgangsprosessen. 
  • vere open om vanskane og å skape aksept i klassemiljøet. Nokon tykkjer det er hensiktsmessig å gi informasjon til andre foreldre og elevar.   
Start med alt dette i god tid før barnet skal begynne på skolen slik at han eller ho får tid til å førebu seg på det nye tilværet som skoleelev. 

Last ned Ressursark for lærere med elever som stammer