Sjølv om stamminga ikkje er synleg for omgjevnadene, opplever gjerne personen med skjult stamming dei same trekka med brot i talen som kjenneteiknar stamming elles (les meir her: Lenke til «om stamming»). Strategiar for unngåing kan vere så omfattande at ein i høve til omgjevnadene har fråvær av dei vanlege stammetrekka. Dette kan vere særs energikrevjande. Dømer på unngåing kan vere:
På forskning.no kan du lese om Berit som skjuler sin stamming.
- å ikkje delta i sosiale situasjonar
- å raskt bytte ut, omskrive eller finne andre ord i setningar
- å svare feil, velje å svare «veit ikkje», eller unngå å svare på spørsmål i det heile
Direkte tiltak
Hjå logoped kan ein få direkte hjelp til utgreiing og oppfølging av den skjulte stamminga. Målet vil vere å overvinne ei eventuell frykt for å snakke/stamme. Ein kan til dømes arbeide med medvit kring eiga taleflyt og kommunikasjon, å utforske konkrete teknikkar og strategiar for å handtere stamminga, og å auke deltaking i sosiale situasjonar.På forskning.no kan du lese om Berit som skjuler sin stamming.