Stamming og andre vanskar

Nokre personar som stammar kan òg ha andre utfordringar med til dømes språk, merksemd eller læring. Stamming kjem stundom saman med løpsk tale.

Mange personar med stamming klarar seg fint på skulen, i vidare utdanning og arbeidsliv, medan nokre vil ha behov for ulike typar hjelp.

Tilleggsvanskar kan i somme tilfelle ha negativ innverknad på korleis stamminga utviklar seg.

For best mogleg oppfølging kan det vere til hjelp å vite kva som skyldast taleflytvanskar og kva som skyldast andre vanskar, og korleis desse påverkar kvarandre. 

Tverrfagleg utgreiing

Ei tverrfagleg utgreiing kan være naudsynt, avhengig av kva problemstilling ein står overfor.

Logopedar har kompetanse til å greie ut stamming, men også andre språk- og kommunikasjonsdugleikar hos barn, ungdom og vaksne.

Helsesjukepleiar, fysioterapeut eller psykisk helsepersonell er nokre døme på relevante samarbeidspartar i ei tverrfagleg utgreiing.

Fastlegen kan tilvise til rett instans om du treng tenester frå helsesektoren. Du finn mykje relevant informasjon på www.helsenorge.no.

Brei oppfølging

Ved samansette vanskar trengst ofte ei brei oppfølging, og fleire typar tiltak for at personen skal lære betre i skulen og fungere godt i arbeidslivet.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!