Kontaktlærar, rådgjevar, føresette eller andre kan vera med på å gjere overgangen til vidaregåande mindre utfordrande, og til ei trygg oppleving. Råd til oppfølging i overgangen til vidaregåande skole:
- Avtal gjerne eit møte med rådgjevar ved den vidaregåande skolen. Dersom ungdomen ynskjer det kan ein kontaktperson frå ungdomsskolen vere med på eit slikt møte.
- Spør gjerne ungdomen om han eller ho opplever taleflytvanskane som utfordrande i møte med nye omgjevnader og personar.
- Ungdomen må få moglegheit til å formidle kva som skal til for at skolekvardagen vert opplevd som god, både fagleg og sosialt. Les meir om tilrettelegging i skolesituasjonar.
- Munnleg deltaking er ofte utfordrande for den som stammar. Spør korleis du kan legge til rette for at han eller ho får vist kva han eller ho kan.
- Den som stammar har rett på tilrettelegging ved eksamen og i andre vurderingssituasjonar. Rådgjevar på skolen bør ha oversikt over gjeldande lov- og regelverk.
- Dersom ungdomen har hatt kontakt med logoped i ungdomsskolen er det naturleg at vedkomande er med og støttar undervegs i overgangen.
- PPT/OT kan informere om korleis logopedtilbodet er organisert i kommunen, om ungdomen ynskjer å starte samarbeid med eller ha vidare oppfølging frå logoped.