Til hovedinnhold

Tilrettelegge eksamen ved stamming

Munnleg eksamen er ein vanskeleg situasjon for mange som stammar.

Eleven skal prestere fagleg under tidspress. Tidspress fører ofte til at brota i taleflyten blir sterkare og kjem raskare.

Eleven skal dessutan formidle noko munnleg. Personar som stammar kan ha store utfordringar med dette.

Råd til elevar

  • Set deg inn i rettane du har til særskild tilrettelegging.
  • Kontakt lærar, rådgivar eller andre som kan hjelpe deg med å søke om tilrettelegging.
  • Ver open om vanskane og forklar lærar og sensor om korleis du opplever situasjonen, og korleis dei best kan legge til rette for at du får vist kunnskapane dine.
  • Søk gjerne råd frå logoped om teknikkar og strategiar du kan nytte ved munnlege presentasjonar.

Råd til lærarar/sensorar

  • Ver ein open og ærleg kommunikasjonspartnar og spør om taleflytvanskane gjer situasjonen utfordrande.
  • Finn ut om det er noko du kan bidra med for å gjere situasjonen så god som mogleg.
  • Gi signal om at du lyttar til innhaldet, ikkje korleis det blir formidla.
  • Signaliser at du har tid til å lytte.
  • La eleven snakke ferdig før du bryt inn med spørsmål.
  • Set deg inn i rettane til tilrettelegging for elevar med taleflytvanskar.
  • Du finn meir informasjon om taleflytvanskar på skulen på nettsida til Norsk interesseforening for stamme (stamming.no).