Til hovedinnhold

Tiltak og oppfølging for skolebarn

Eldre skolebarn som stammar, treng hjelp til å få betre taleflyt, men også støtte til å møte eventuelle negative kjensler knytt til stamminga.

Direkte tiltak

Ein logoped arbeider direkte med eleven som stammar. Målet er å skape medvit kring taleflyt og kommunikasjon, og det å vere ein god kommunikasjonspartnar. Eleven skal lære konkrete teknikkar og strategiar for betre taleflyt.

Eit anna mål er å overvinne ei eventuell frykt for å snakke/stamme. Eleven skal lære å ta kontroll og bli sjef over stamminga si. Han skal lære å seie det han ønskjer om det kjem stamming eller ikkje.

Indirekte tiltak

Indirekte tiltak er å gi råd til og rettleie skole og foreldre. Lærarar er viktige samarbeidspartnarar på skolen. Dei kan vere gode talemodellar og kan legge til rette for at eleven som stammar, får den tida og merksemda han treng for å fortelje eller seie det han ønskjer å seie.

Som lærar/pedagog kan du møte ein elev som stammar ved å

  • ha augekontakt med og tryggande merksemd på eleven når du snakkar med han
  • gje han tid til å snakke ferdig
  • skape eit aksepterande og trygt miljø i klassen
  • vere open og sette ord på stamminga ved å vise interesse for korleis eleven sjølv opplever vanskane – det ein ikkje snakkar om, veks seg ofte større
  • vere medviten om å redusere eige taletempo og legge inn gode pausar
  • snakke med eleven om høgtlesing og korleis han ønskjer at det skal vere
  • ha eit «hemmeleg teikn» når eleven er klar til å ta ordet i klassen dersom han har ein periode med mykje stamming
  • unngå å gjere skilnad og stille dei same krava til ein elev som stammar, som til dei andre elevane

Statped kan bidra med rettleiing og rådgiving om dette.