Stamming i barnehagealder

Tidlege tiltak aukar sjansen for at barn sluttar å stamme. Foreldre og barnehage er viktige støttespelarar. Dei barna som framleis stammar ved overgangen til skolen, treng vaksne som ser behova deira og legg til rette for ein trygg skolestart.

Kva kan foreldre gjere?

Mange foreldre er usikre på kva dei skal gjere når barnet deira begynner å stamme.

Eit tiltak ein ofte tilrår er å gi barnet god tid. I ein kvardag med tidspress og mange krav på ulike arenaer er det lurt å sette av nokre minutt kvar dag til samtale og kommunikasjon på barnet sine premissar.

Slik skapar foreldre eit rom der barnet kan fortelje og snakke utan stress eller press. Dette kan bidra til å redusere faktorane i miljøet som kan verke negativt inn på stamminga.

I desse minutta kan du som forelder 

  • Lytte konsentrert til barnet og høyre kva ho har å fortelje
  • Gi konsentrert merksemd og halde naturleg augekontakt når ho snakkar, også når det kjem stamming
  • Redusere ditt eige tempo når du snakkar (snakk litt saktare enn barnet ditt)
  • Redusere mengda av spørsmål. Kommenter heller innhaldet i det barnet seier, eller gjenta barnet sine ord som ei oppmuntring til å snakke vidare
  • Ta ein pause før du snakkar/svarar, så du syner at det er nok tid til å planlegge det du ønskjer å seie

For mange foreldre er det krevjande å gjere endringar i måten dei snakkar med barnet sitt på. Difor kan det vere lurt å sette av nokre minutt med skjerma tid til dette.  Om barnet går i barnehage kan de samarbeide om å finne fram til gode måtar å støtte barnet til å delta i samtalar og leik som vanleg. Vel gjerne ut eit eller to punkt som de har ekstra fokus på, og avgjer i kva situasjonar de vil bruke dei. Det kan kanskje vere lettare å hugse på når du til dømes les for barnet eller ved middagsbordet.

Dømer på aktuelle tiltak, som ikkje er nemnde over, er å

  • Vere ein ærleg kommunikasjonspartnar. Om du ikkje har tid til å snakke med barnet nett no, så sei ifrå om det. Ta opp att «tråden» seinare når det er tid
  • Gi barnet tid til å finne ut kva ho vil fortelje, og korleis. La ho få fullføre tankane sine utan å bli avbroten når det er mogleg
  • Vise barnet roleg, «lett» og sakte tale, og legge inn nokre tenkepausar når du snakkar
  • Vere open. Sett ord på stamminga på ein måte som kjenst naturleg for deg, særleg om barnet syner frustrasjon eller tristheit over å ikkje få sagt det ho ynskjer. Dømer kan vere: «Eg såg du satt litt fast, men du fekk sagt det»
  • Førebu deg på at andre barn eller vaksne kan spørje om eller kommentere stamminga. Da kan det vere lurt å ha lagd seg ei lett forklaringa, som du er fortruleg med å gi framfor barnet. Eit døme kan vere: «Det er stamming. Det er ganske vanleg, særleg når ein framleis lærer seg å snakke».
  • Gjenta småord sjølv når du snakkar. Repeter av og til eit einstavingsord i byrjinga av ei setning: «No-no skal vi...» « Vil-vil du ha...? Slik syner du barnet at ingen snakkar heilt perfekt
  • Gi barnet opplevingar av å meistre. Ha fokus på barnet sine sterke sider og kva ho får til. Alt som kan auke sjølvkjensla hennar vil også kunne verke positivt inn på taleflytutviklinga.

Kva kan barnehage gjere?

Saman med foreldre utgjer barnehagepersonalet ein viktig del av laget rundt barnet. Døma på tiltak som er gjevne for foreldre er også aktuelle for dei vaksne i barnehagen. Dei som stammar skal ikkje behandlast annleis enn dei andre barna. Samstundes vil dei kunne trenge tilrettelegging og støtte slik at premissane for kommunikasjon blir gode. Ein skal særleg vere merksam på at barnet kan streve med å snakke i situasjonar med opplevd tidspress eller mange forstyrringar. Dømer på tiltak i barnehagen:

  • Observer i kva situasjonar barnet kommuniserer lett og legge til rette for slike situasjonar
  • Hald fokus på gode kommunikasjonsreglar i barnegruppa, ved at éin snakkar om gangen. Heller ikkje barnet med stamming får avbryte andre
  • Vurder om inndeling i mindre grupper under leik eller i rutinesituasjonar, som i garderoben, gjer det lettare for barnet å komme til orde

Gode tiltak i barnehagen kan vere med å hindre at stamming utviklar seg til å bli ei funksjonshemming. Kva for tiltak som er aktuelle må vurderast individuelt, i samarbeid med foreldre og eventuelt logoped.

Kva kan logopeden gjere?

Logopeden kan nytte både direkte og indirekte tiltak når han følger opp eit barn som stammar. Indirekte tiltak er å rettleie og gi råd til heim, barnehage og skole om strategiar for å vere ein god kommunikasjonspartnar. Mange av tiltaka du finn på denne sida er vanlege råd foreldre og personalet i barnehagen får når stamminga nyleg har starta. Logopeden kan hjelpe til med å velje ut kva for tiltak som kan vere lurt å prioritere først ut i frå barnet, familien og barnehagen sin situasjon, og om det er andre omsyn å ta enn berre stamminga.

Det finst meir strukturert oppfølging for denne aldersgruppa som krev tett samarbeid med logoped. Du kan lese meir i denne artikkelen om logopedisk oppfølging for barn i barnehagealder.

Eit direkte tiltak er å lære barnet enklare måtar å få orda ut på. Direkte tiltak gjennomførast av logopeden, som oftast med skolebarn, sidan det kan kreve ei viss innsikt i eiga stamming. Logopeden jobbar ein-til-ein eller i mindre grupper. 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!