Literacy
Det er mogleg å arbeide med lydar, språklydar, bokstavar, ord, lesing, staving og skriving, i sum kalla literacy, for ASK-språklege.
Barn og elevar som bruker alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), er ASK-språklege. Du kan legge til rette for meiningsfulle og utviklande aktivitetar på alle utviklingsnivå. Alle ASK-språklege vil ikkje bli funksjonelle lesarar eller lære seg å skrive, men alle kan bli del av begeistringa rundt ei artig bok, eller kjenne på kroppen at rim og rytme vekker noko i ein.
Rim og regler, å samtale om innhald i bøker, å kople språklydane til riktige bokstavar, begynnande staving og skriving – alt er aktivitetar som vert grunnlag for meir formell begynnaropplæring i skolen. ASK-språklege må få dei same mogelegheitene i barnehagen, førskolegruppa og vidare i utdanningsløpet sitt som jamaldringane sine. Mange vil trenge lang tid for å lære, nokre vil aldri bli spesielt opptatt av bokstavane, medan andre igjen kan vere svært motiverte og lære fort. Det er store variasjonar.
Du kan ta utgangspunkt i fire område når du skal observere, kartlegge og prøve ut tiltak for å vite kor du bør starte arbeidet:
1. Jobb for at ASK-språklege kjenner igjen dei fleste bokstavane
ASK-språklege treng tilgang på bokstavar og lydar i omgjevnaden. Dersom den ASK-språklege har det, kan du vurdere ut ifrå språklydar og bokstavar som vedkommande kan. De kan leite etter «min bokstav» eller «mamma sin bokstav». Gi den ASK-språklege støtte til å skrive namnet sitt sjølvstendig. De kan også jobbe med spel, lesing og skriving der de peikar ut og snakkar om språklydar og bokstavar.
Hold oversikt over kva språklydar og bokstavar den ASK-språklege kan. På sikt må du vurdere å bruke formelle kartleggingsprøver for å ha oversyn over kva bokstavar eleven kan.
2. Engasjer deg aktivt i lesinga når de les i lag
Boklesing gjev tilgang på mange ulike univers. Å bli lest for gjev tilgang på ord og omgrep, men også fantasiar og fakta samstundes som det er ein sosial aktivitet.
La ASK-språklege velje bøker, og finn bøker og materiell som interesserer og motiverer fordi dei er relevante for livet og erfaringane personen har. Kommenter og undre deg over innhaldet i boka, og involver den ASK-språklege. Still spørsmål og oppmuntre til å peike på bilete og bokstavar. På denne måten kan de snakke saman og assosiere innhaldet i boka saman med noko som har skjedd eller skal skje, eller anna ein tenker på og har erfaring med.
3. Ha ei kommunikasjonsform eller kommunikasjonshjelpemiddel som gjer det mogleg å snakke saman
Den ASK-språklege må, ved hjelp av kommunikasjonsforma si eller kommunikasjonshjelpemiddelet sitt, aktivt kunne delta i samtalen når de arbeider med aktivitetar som omhandlar språklydar, bokstavar, ord, lesing, staving og skriving.
Dersom den ASK-språklege ikkje kan dette enno, så start arbeidet med at de finn ei eigna kommunikasjonsform og eit nødvendig kommunikasjonshjelpemiddel.
4. Forstå at skriving involverer bokstavar og ord
Det er samanheng mellom talespråk, bokstavar og ord. Skriveutvikling startar typisk med å skrible, deretter stave og etter kvart skrive i meir og meir avansert form. Gje den ASK-språklege stadig breiare erfaring med at det ein kan seie, kan ein også skrive. La den ASK-språklege bli eksponert for og delta aktivt i tidlege skriveaktivitetar, som å skrive namnet sitt på ei teikning, lage handlelister, sende ein SMS eller skrive ei historie.
Ein del ASK-språklege kan ikkje halde ein blyant sjølvstendig. Det finst andre måtar å skrive på. Til dømes kan alfabetet organiserast på noko vi kallar flip-over-alfabet for personar med store motoriske utfordringar. Og alfabetet kan organiserast på ei augepeiketavle, eller den ASK-språklege kan nytte tastatur med eller utan tilpassingar. På denne måten kan ASK-språklege få tilgang til heile alfabetet og høve til å gjere seg erfaringar med å skrive sjølvstendig.