Kartlegging av afasi

Kartlegging er ein føresetnad for å utarbeide tilpassa og målretta tiltak for personar med afasi og andre kommunikasjonsvanskar.

For å kunne utarbeide tiltak for personar med afasi må språklege og kommunikative ferdigheiter kartleggast. Kartlegging av språklege ferdigheiter vil seie å kartlegge dei fire språklege områda (modalitetane):

Ved kartlegging av kommunikative ferdigheiter er målet å identifisere alle kanalar og strategiar som blir brukt i kommunikasjon (funksjonell kommunikasjon), for eksempel kroppsspråk. Det er også viktig å kartlegge miljøfaktorar, psykososiale forhold og kognitiv funksjon. Det er fleire formål med kartlegging ved afasi:

Tilrettelegge miljøet rundt personen

Det er også viktig å kartlegge korleis personar med afasi har det. Det kan gjerast både ved bruk av samtalar og kartleggingsverktøy for kartlegging av livskvalitet og psykososiale forhold. Kartlegging og gjennomføring av tiltak skjer ofte meir eller mindre parallelt. Du kan lese meir om tiltak her.

Kartlegging av fleirspråklege personar

Alle språka bør kartleggast når ein person som snakkar fleire språk får afasi. Dette er viktig for å:

For å kartlegge alle språka er det nødvendig å bruke tolk til dei språka logopeden ikkje snakkar sjølv. Det er viktig å lære opp tolken i å kommunisere med personar med afasi og forklare kva tolken skal gjere under testinga. Logopeden bør vere til stades under kartlegginga.

Formell og uformell kartlegging

Det er ulike former for kartlegging. Eit grovt skilje går mellom formell og uformell kartlegging, og det er nyttig å gjere begge delar ved kartlegging av språk og kommunikasjon.

Formell kartlegging føregår ved hjelp av testar og spørjeskjema. Dei er normalt prøvd ut på ei gruppe personar med og utan afasi (normering). På den måten kan resultata samanliknast.

Ved uformell kartlegging er det ikkje mogeleg å samanlikne resultata med andre. Uformell kartlegging føregår gjerne ved observasjonar og samtalar. Det er ingen strukturerte metodar for samtale og observasjon som er tilpassa til norsk.

Det kan vere hensiktsmessig å tenke ut ifrå ICF-perspektivet (internasjonal klassifikasjon av funksjon, funksjonshemming og helse). Det vil seie kartlegging ved strukturert observasjon og samtale av ulike forhold rundt deltaking i kvardagen, omgjevnadar rundt personen med afasi og personlege faktorar i tillegg til språkvanskane.

Framgangsmåte

Språkkartlegginga bør vere brei i omfang. Det vil seie at dei ulike språklege områda bør kartleggast i ulike samanhengar:

Kartleggingsmateriell

Det er fleire ulike kartleggingsverktøy å velje mellom. Formålet med kartlegginga avgjer kva for testar eller kartleggingsverktøy som blir brukt.

Generelle språktester som kartlegg i bredda

Spesifikke språktestar som kartlegg i djupna

Kartlegging av kommunikasjon

Kartlegging av livskvalitet og psykososiale forhold

Kartlegging av fleirspråklege med afasi