Afasijja
Afasi er språkvanskar etter ein erverva skade i hjernen. Personar med afasi har behov for, og rett til,
oppfølging av logoped. Hjerneslag er den vanlegaste årsaka til afasi.

Kartlegging av afasi
Kartlegging er ein føresetnad for å utarbeide tilpassa og målretta tiltak for personar med afasi og andre kommunikasjonsvanskar. Comprehensive Aphasia Test (CAT-N) er et kartleggingsverktøy for logopeder som arbeider med personer med afasi.
Om afasi
Afasi er ein språkforstyrring som oppstår etter ein erverva hjerneskade, for eksempel etter eit hjerneslag, hjernesvulst eller ein traumatisk skade. Personar med afasi kan ha vanskar med å forstå tale, snakke, lese og skrive. Afasi påverkar ofte fleire av desse områda samstundes, men grad og kva delar av språket som blir ramma kan variere frå person til person.
Afasi kan oppstå som følgje av hjerneslag, hjernesvulst eller alvorlege hodeskader. Afasi kan også vere eit resultat av andre sjukdommar som fører til erverva hjerneskade.