Velg variant:

Eg er Åse

Eg er Åse er ein film om Åse (10). Åtferda hennar er eit forsøk på å kommunisere. Det er frustrerande ikkje å klare å uttrykkje seg som andre.

Eg er Åse er ein film om ei jente som har ein medfødd hjerneskade, syns- og høyrselstap og motoriske vanskar, og som manglar språk. Difor har ho mellom anna utfordringar med kommunikasjon og fri rørsle.

Ingen er utan språk, så Åse er ikkje språklaus. Men Åse har ei annleis form for uttrykk og ei annleis form for språk enn andre.

For å få fram språket til Åse, må laget rundt ho jobbe med det som Åse sjølv har tilgang til.

Åse har tilgang til verda ikring seg gjennom det kroppslege. Så når Åse gjer ei kroppsleg rørsle, er det grunn til å vere nysgjerrig og tenkje:

Filmen viser korleis laget rundt Åse – foreldre, lærarar og fagpersonar – jobbar for å finne ut korleis Åse kommuniserer, og korleis ho kan kommunisere.

Utgangspunktet er Åses motivasjon og interesser. Ho lærer best i situasjonar ho kjenner godt frå før, gjerne lystprega og som er morosame.

Lær meir i filmen Eg er Åse.

Voksen kommuniserer med døvblindt barn

Hvordan komme i gang med kommunikasjon

Om du har du fått ansvar for et barn som har kombinert syns- og hørselsnedsettelse, kan du sannsynligvis bruke mye av den kunnskapen du har …