Personlege taktile bøker
Denne rettleiaren viser deg korleis du lagar og bruker personlege taktile bøker for personar med behov for informasjon gjennom den taktile sansen.
Meir om ressursen
Taktile bøker blir primært brukte av barn som er blinde, har ei synsnedsetting, kombinerte sansetap, døvblindheit eller samansette lærevanskar. Det som er felles, er at dei har behov for tilgang til og støtte for informasjon gjennom den taktile sansen. Vi bruker nemninga «barnet» om personen den taktile boka blir laga for, men taktile bøker kan brukast i eit breitt aldersspekter.
Denne rettleiaren er for barnehagelærarar, lærarar og andre som jobbar med barn som kan ha nytte av taktil informasjon, og som har behov for at innhaldet i bøker blir presentert taktilt framfor visuelt.
Rettleiaren er delt opp i to delar:
- Korleis du lagar ei personleg taktil bok.
- Korleis du bruker taktile bøker.
Rettleiaren er eit supplement til fysiske kurs om same tema. På kursa får du ei breiare teoretisk innføring, praktiske øvingar, erfaringsdeling og rettleiing knytt til taktil tilnærming. Praktiske øvingar gir ei større forståing for korleis du tek imot informasjon taktilt og ikkje visuelt. I forkant av kurs kan du bruke denne rettleiaren til å førebu deg til kurset. I etterkant kan du bruke rettleiaren som ei støtte når du skal lage bøker.
