Taktile symbol

Barn og elevar med eit kombinert sansetap kan få informasjon ved å føle og kjenne på tredimensjonale taktile symbol med hendene. Slik bruker du taktile symbol.

Taktile symbol er taktil alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). 

Barn og elevar med kombinert sansetap treng taktile symboler for å

  • tydeliggjere nøkkelord og informasjon  
  • gjennomføre aktivitetar 
  • orientere seg, få oversikt og ha valmoglegheiter 
  • auke sjølvstende og minske stress 

Velje symbol 

Det tar tid å forstå at symbol har meining og kan representere objekt, aktivitetar, handlingar, stader eller personar.  

Ver sikker på at barnet/eleven har symbolforståing før du lagar abstrakte symbol. Start med noko som barnet/eleven kjenner att. Viss barnet/eleven forstår abstrakte symbol, treng ikkje symbolet og aktiviteten det representerer, å vere nært knytt til kvarandre. Ein stein kan da symbolisere kvilestund og ein trebit kan symbolisere lytteaktivitet. 

Utvikle symbol 

Du må utvikle og tilpasse taktile symbol til kvart barn eller kvar elev sine individuelle taktile, perseptuelle og motoriske føresetnader.  

Å utvikle taktile symbol krev fantasi, engasjement, tid og tålmod.  

Symbol med 

Lag fleire symbol av same type – nokre kan bli ødelagde eller borte. Det er også mogleg å få kjøpt det du skal lime på ein bakgrunn.  

Bruke symbol 

Start så tidleg som mogleg med konkretar fyrst og så med taktile symbol. Gjerne i barnehagen, som med ASK-hjelpemiddel. 

Du kan bruke symbol saman, til dømes i taktile planar eller bøker.  

Leser punktskrift

Læremidler for blinde og sterkt svaksynte

Her finner du læremidler og materiell for blinde og sterkt svaksynte elever i grunnskole og videregående skole. Du finner tilrettelagte lærebøker, materiell og andre læremidler.