Strategiar

Her finn du Statpeds strategiar som handlar om dei ulike innsatsområda våre.

Strategi 2023–2027

Statpeds strategi 2023–2027 har seks innsatsområde som møter utfordringar vi ser i opplæringssektoren.

Dei seks innsatsområda skal setje ein kurs som byggjer opp under dei tre hovudmåla vi har fått frå Kunnskapsdepartementet. Vidare viser kunnskap om utfordringsbilete i opplæringssektoren at områda kompetanse, kvalitet, samhandling og digitalisering er særleg viktige.

Seks innsatsområde

Statped skal derfor styrke

  1. det kunnskapsbaserte og praksisnære kompetansetilbodet som treff behova i kommunar og fylkeskommunar
  2. kompetansen om språk og kommunikasjon som grunnlag for deltaking, læring og utvikling for målgruppene våre
  3. det spesialpedagogiske arbeidet med samiske barn og elevar
  4. kompetansen til barnehagelærarar og lærarar i å nytte læremiddel for blinde, svaksynte og teiknspråklege
  5. samarbeidet med universitets- og høgskulesektoren ved å identifisere og følgje opp behov for innovasjon, forsking og utdanning
  6. rolla som tenesteytandre fagdirektorat, og vere ein synleg, tilgjengeleg og relevant aktør i opplæringssektoren

Strategi for å styrkje det spesialpedagogiske arbeidet med samiske barn og elevar

Statped har som mål å tilby likeverdige og landsdekkjande samiske spesialpedagogiske tenester.

Strategien synleggjer korleis Statped samarbeider med dei ulike samiske og norske utdanningsaktørane i Noreg, og i det tradisjonelle leveområdet til samane – Sápmi.