Tolking og teiknspråk
Tolking og teiknspråk dreier seg om at teiknspråktolkar tolkar alt dei høyrer, og alt som blir sagt på teiknspråk.
Tolking og teiknspråk er å tolke mellom (minst) to språk. Tolken skal løyse det språkproblemet som oppstår når to partar ikkje har eit felles språk.
Men kva inneber tolking og teiknspråk? Korleis løyser tolken den oppgåva?
I filmen får du møte barn frå Voldsløkka barnehage for høyrselshemma. Ein barnehage som har faste tolkar til stades i barnehagen kvar dag. Kva tenkjer dei om kva ein tolk gjer?
Det barna fortel, viser at dei har mykje erfaring med tolking og teiknspråk.
- Barna har ei oppleving av at tolkane tolkar alt dei høyrer.
- Og det stemmer, men tolken tolkar òg det han ser – det som blir sagt på teiknspråk.
Språk og samtale er farvatnet til tolkane. Dei tek del i språklege og sosiale handlingar der det usagde òg kan bli tillagt meining.



