Tolking og kommunikasjon
Tolking og kommunikasjon mellom eit teiknspråkleg barn, ein teiknspråktolk og ein som ikkje er teiknspråkleg, er «ein dans for tre».
I samhandling mellom desse tre partane, vil tolking og kommunikasjon alltid vere annleis enn direkte kommunikasjon. Det gjeld same kor vande samtaledeltakarane er med samhandling med tolk.
I filmen får du sjå nokre betraktningar rundt dette.
Tolkeforskar Cecilia Wadensjö (1998) omtaler tolking og kommunikasjon som «ein dans for tre». I det legg ho at alle tre, både samtalepartane og tolken, må vere klar over kvarandre sine roller og funksjonar. Når kommunikasjonen er mellom tre, blir det endå viktigare å ta omsyn til kvarandre.
Barn i ein barnehage kan ha ei klar forståing av at ein tolk har andre oppgåver enn dei andre vaksne. Ein tolk skal
- ikkje sjølv delta i samtalen
- opptre upartisk, eller topartisk, og tolke det samtalepartane seier
Sjølv om tolken ikkje tek del i samtalen som «seg sjølv», vil nærværet til tolken uansett påverke samtalen. Det er eit ekstra menneske der, og det må alle partane forhalde seg til.



