Tolking og forståing hos barn
Tolking og forståing hos barn viser at teiknspråklege barn ser på teiknspråktolken, men kommuniserer med personen dei er tenkte å skulle kommunisere med.
Tolking og forståing viser at i mange situasjonar handlar teiknspråklege barn adekvat. Barna forstår at dei må forhalde seg til språklege ytringar via tolken.
Teiknspråklege barn ser på teiknspråktolken, men kommuniserer med personen dei er tenkte å skulle kommunisere med.
- I strukturerte situasjonar er dette mest tydeleg, der vaksne har regien, og der det er eit mål med samtalen/aktiviteten.
- I ustrukturerte situasjonar, som til dømes frileik, er det straks vanskelegare å vere både barn og tolk. Det blir ofte mange personar å forhalde seg til, og mykje som skjer samtidig. For tolken kan det bli ei utfordring å tolke alt som blir sagt, og kven som seier kva.
Det kan bli vanskeleg for barnet som ser på tolken, å komme inn i samtalen på rett stad, og samtidig ta del i barnefellesskapen (turtaking og blikkontakt).
Tolking og forståing hos barn er utfordrande fordi tolken ikkje har dei same oppgåvene som andre vaksne. Då er det naturleg for eit teiknspråkleg barn å vende seg til tolken for å ha nokon å snakke og leike med.



