Språkkompetanse og tolking
Språkkompetanse og tolking dreier seg om at teiknspråklege barn forstår at dei må forhalde seg til språklege ytringar via ein teiknspråktolk.
Språkkompetanse og tolking syner at barn nok ikkje forstår rolla til tolken på same måte som vaksne, men i mange situasjonar handlar barna adekvat.
Når teiknspråklege barn blir introduserte for tolk, er det ein fordel at dei har aldersadekvate teiknspråkferdigheiter og erfaring med teiknspråkleg kommunikasjon.
I filmen kan du sjå betraktningane til ei mor og ein pedagog rundt språkkompetanse og tolking:
- Som både mor og pedagog er inne på, så må barna få høve til å observere og bli kjende med tolking. Dei kan ikkje overlatast til å handtere tolka samhandling på eiga hand i første omgang.
- Samhandling med tolk bør introduserast saman med trygge vaksne, gjerne døve. Slik kan barna sjå korleis vaksne forheld seg til tolk.
- Barna bør ha eit sikringsnett i ein vaksen som følgjer med på korleis det går. Ein vaksen som kan hjelpe til med oppklaringar eller ekstra forklaringar undervegs. Tolken må òg tilpasse seg barnet og situasjonen.



