Prosesstid og tolking 1
Det kan ta nokre sekund frå du seier noko til eit teiknspråkleg barn, til barnet får med seg ytringa di via ein teiknspråktolk. Prosesstid og tolking er ei utfordring.
Ei vanleg utfordring for prosesstid og tolking, er at den som ser på tolken, blir for sein til å respondere. Når ein beskjed eller eit spørsmål kjem fram litt seinare, blir barnet hengande etter. I leik og fritidsaktivitetar kan dette skje ofte. Tenk til dømes på aktivitetar som byrjar med «Klar, ferdig, gå!»
I denne videoen får du sjå eit klipp frå ei turntrening. Legg merke til tida det tek frå trenaren seier noko, til den teiknspråklege jenta får beskjedane via tolken.
Her ser vi at både prosesstida og blikk kan gjere det vanskeleg å få beskjedar via tolken, samtidig som du skal utføre ein aktivitet. Viss tolken ikkje har blikkontakt med den teiknspråklege, tek det endå lengre tid før beskjeden kjem fram.
Meir om prosesstid og tolking
Timing er ofte viktig i leik. Neste video viser barn som leikar. Det er tolk til stades, og barna vekslar på å bruke teiknspråk og talespråk.



