Teiknspråktolk i familien
Ei ung jente som bruker norsk teiknspråk, fortel om å bruke teiknspråktolk for å kommunisere med familien sin då ho vaks opp.
I videoen fortel jenta at ho ikkje brukte teiknspråktolk mykje i oppveksten. Foreldra hennar tolka for henne.
I vaksen alder vil ho heller bestille teiknspråktolk for å delta meir i samtalar med andre.
Teiknspråktolk hadde vore nyttig i oppveksten
Med tolk ville ho kanskje ha snakka meir med familien sin som barn, og bli meir inkludert.
Utan tolk snakka ho med éin om gongen.
No har familien og jenta blitt vande med at tolken er til stades. Tolken gjer det lettare for dei å prate og bli kjende.



