Velg variant:

Afasi og høgteknologiske kommunikasjonshjelpemiddel

Video som er mynta på logopedar som skal bruke høgteknologiske kommunikasjonshjelpemiddel når vaksne har afasi.

Videoen er laga for logopedar og andre fagpersonar som arbeider med vaksne med afasi.

Formålet er auka kunnskap om afasi og høgteknologiske kommunikasjonshjelpemiddel, både for å prøve ut og arbeide med slike hjelpemiddel.

Kva er eit høgteknologisk kommunikasjonshjelpemiddel?

Høgteknologiske kommunikasjonshjelpemiddel er avanserte talemaskinar med dynamisk skjerm.

Det kan vere datamaskinar eller nettbrett med syntetisk tale. Dei kan òg brukast til omgivnadskontroll, SMS, musikk og til å surfe på Internett.

Innhaldet i maskinane varierer, men tradisjonelt er det ofte bruk av symbol, fotografi eller skrift. Ofte krev oppsetta at du blar fram og tilbake mellom ulike kategoriar.

Kva må du tenke på før du prøver ut eit høgteknologisk hjelpemiddel?

I videoen blir du kjend med Olav og Bente, som begge har afasi.

Personar med afasi er ei heterogen gruppe. Det som passar for den eine, fungerer ikkje nødvendigvis for den andre. Språkvanskane til Bente og Olav kan kanskje verke like, men det er stor skilnad på kva for kompensatoriske tiltak i kommunikasjonen som er aktuelle for kvar av dei, og for kvar eilskild.

Derfor er det viktig med grundig kartlegging i forkant, individuelle tilpassingar undervegs og at det er tilstrekkeleg med tid og ressursar til opplæring av både personen med afasi og nærpersonar.

Språk og kommunikasjon

Det er nødvendig å kartleggje språk og kommunikasjon. For å kunne lære seg å ta i bruk talemaskinen, er det mellom anna ein føresetnad å forstå instruksjonar. Semantiske vanskar, altså det å tolke tydinga av symbol, skrift og fotografi, kan òg verke inn på moglegheitene for å bruke eit kommunikasjonshjelpemiddel.

Sidan Olav har nedsett språkforståing, kan det påverke om han kan meistre å bruke ein talemaskin. Olav bruker gestar og lydar i kommunikasjon.

Kartlegging viser at Olav har omfattande afasi med vanskar innan alle språklege modalitetar. Han har vist lita betring på språktestar dei siste åra, men kona opplever at han gjer seg betre forstått, og at han forstår meir av den daglege kommunikasjonen.

Bentes språk- og kommunikasjonsferdigheiter blei grundig kartlagde i forkant av utprøvinga.

Bente har nedsett språkforståing. Å bruke eit høgteknologisk kommunikasjonshjelpemiddel kan derfor vere ei utfordring.

Kognisjon

Det er viktig å kartleggje Olavs tankemessige funksjonar; det som på fagspråket blir kalla kognisjon. På grunn av Olavs store språkvanskar er det likevel utfordrande å kartleggje den kognitive funksjonen hans.

Bentes tankemessige funksjonar blei kartlagde av ein nevropsykolog. Resultata viser at ho bruker lang tid på å løyse oppgåver. Det er vanskeleg for henne å lære seg nye ferdigheiter, men med god tid og gjentekne instruksjonar meistrar ho det.

Personlege faktorar

Olav og Bente har frå før gode teknologiske ferdigheiter. Det er ein stor fordel.

Det er meir utfordrande viss nokon som skal bruke eit høgteknologisk kommunikasjonshjelpemiddel, ikkje har føresetnad for å meistre det.

Miljøfaktorar

Det er viktig med tilstrekkeleg opplæring i å bruke ein talemaskin. Det krev stor innsats både frå personen med afasi og nærpersonar. Det krev òg intensiv oppfølging av ein fagperson for å lære å bruke talemaskinen. I tillegg må innhaldet i maskinen oppdaterast etter behov.

Olav og kona fekk god opplæring i å bruke talemaskin. Innhaldet i talemaskinen vart tilpassa Olav og behovet hans. Talemaskinen var sett opp med ei side med kjende bilete for Olav. Det var ikkje nødvendig for Olav å navigere mellom fleire sider. Både Olav og kona var motiverte for å få det til i starten.

Etter kvart som tida gjekk, mista dei begge trua på at Olav skulle kunne nytte seg av talemaskinen, då han hadde utfordringar med å administrere maskinen og å ta initiativ til å bruke han. Etter gjentekne forsøk med jamnleg opplæring valde logopeden i samråd med Olav og kona å leggje talemaskinen på hylla og heller bruke tid på støtta samtale og å bruke kommunikasjonsbok.

Bente fekk ikkje tilstrekkeleg opplæring første gongen ho skulle lære å ta i bruk talemaskinen, men etter ei stund oppdaterte logopeden talemaskinen og tilpassa han. Det førte til at Bente klarte å meistre talemaskinen til å uttrykkje eigne behov og tankar.

Fagpersonen sitt perspektiv

For å kunne prøve ut ein talemaskin er det viktig at logopeden har god kompetanse innan høgteknologiske kommunikasjonshjelpemiddel og afasi.

Forsking på afasi og høgteknologiske kommunikasjonshjelpemiddel viser at nokon har nytte av det, og andre ikkje.

Det er viktig å informere personar med afasi og nærpersonane deira om at ein talemaskin ikkje vil løyse språkvanskane. Derfor må det setjast realistiske mål. Skal hjelpemiddelet