Taktile tankekart
Rettleiar for pedagogar og andre som skal planleggje, lage eller bruke taktile tankekart saman med barn, unge eller vaksne med synsnedsetjing.
Meir om ressursen
Taktile tankekart kan brukast av personar med synsnedsetjingar eller som er blinde, og som har utvikla leseferdigheiter i taktile symbol eller punktskrift.
- Dei eignar seg også godt for elevar med autismespekterforstyrringar eller som er blinde, og som har behov for individuell tilpassing i opplæringa.
- Taktile tankekart handlar om å utforske og forstå omgrep gjennom samtale og berøring, ikkje som ei lese- eller skriveøving.
- Karta kan samtidig støtte vidare utvikling av leseferdigheiter på ein meiningsfull måte.
Pedagogar og andre som skal planleggje, lage eller bruke taktile tankekart saman med barn, unge eller vaksne med synsnedsetjing.
Rettleiaren Taktile tankekart gir praktisk og pedagogisk rettleiing i korleis taktile tankekart kan planleggast, utformast og brukast for å støtte omgrepsforståing, samtale og læring hos barn, unge og vaksne med synsnedsetjing.
