Strategi 2023-2027

Statpeds strategi 2023–2027 har seks innsatsområde som møter utfordringar vi ser i opplæringssektoren.

Dei seks innsatsområda skal setje ein kurs som byggjer opp under dei fire hovudmåla vi har fått frå Kunnskapsdepartementet. Vidare viser kunnskap om utfordringsbilete i opplæringssektoren at områda kompetanse, kvalitet, samhandling og digitalisering er særleg viktige.

Fire hovudmål

  1. Kompetanseutvikling: Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i ein inkluderande fellesskap til barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov.
  2. Teiknspråkopplæring: Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i ein norsk/samisk og ein norsk teiknspråkleg fellesskap.
  3. Læremiddel: Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i ein inkluderande fellesskap.
  4. Diamanten skole: Elevar med medfødd døvblindheit har eit tilrettelagt opplæringstilbod og skal få moglegheit til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.

Tre utfordringsbilete

Kompetanse og kvalitet

  • Det er mangel på spesialpedagogisk kompetanse på alle nivå i opplæringssektoren
  • Forsking dokumenterer at kvaliteten varierer i allmennpedagogiske tilbod, spesialpedagogiske tilbod og tilbod om teiknspråkopplæring

Statped vil

  • arbeide med systematisk kompetanse- og kvalitetsutvikling i barnehagar og skolar
  • byggje kompetanse hos personalet
  • bidra til tidleg innsats
  • hjelpe til med å utvikle tilpassa pedagogiske tilbod og inkluderande læringsmiljø

Samhandling

  • Det er ei stor utfordring at tenesteapparatet verkar fragmentert og lite koordinert
  • Systematisk arbeid for å auke kvaliteten og likeverdet i opplæringa krev koordinert og samordna innsats på fleire område

Statped vil

  • vere ein tydeleg, tilgjengeleg og attraktiv samarbeidspartnar
  • bidra med relevant kompetanse i samarbeidet med aktørar på ulike forvaltningsnivå både i og utanfor opplæringssektoren

Digitalisering

  • Digitalisering spelar ei stadig viktigare rolle for å møte noverande og framtidige moglegheiter innan spesialpedagogikk.
  • Det er ei utfordring å følgje med på utviklinga, ha nødvendig kompetanse og nytte seg av han

Statped vil

  • vere pådrivar for at nye digitale moglegheiter bidreg til auka inkludering i barnehagar og skolar
  • jobbe med utvikling og rett bruk av digitale læremiddel og læringsressursar
  • arbeid for auka digital tilgjengelegheit, betre samhandling og meir brukarvennlege tenester

Seks innsatsområde

Statped skal derfor styrke:

  1. det kunnskapsbaserte og praksisnære kompetansetilbodet som treff behova i kommunar og fylkeskommunar
  2. kompetansen om språk og kommunikasjon som grunnlag for deltaking, læring og utvikling for målgruppene våre
  3. det spesialpedagogiske arbeidet med samiske barn og elevar
  4. kompetansen til barnehagelærarar og lærarar i å nytte læremiddel for blinde, svaksynte og teiknspråklege
  5. samarbeidet med universitets- og høgskulesektoren ved å identifisere og følgje opp behov for innovasjon, forsking og utdanning
  6. rolla som tenesteytandre fagdirektorat, og vere ein synleg, tilgjengeleg og relevant aktør i opplæringssektoren