Teiknspråkkurs og nettverk for tilsette i barnehage og skole
Tilsette i barnehagar og skolar der det går barn/elevar som får tenester eller tilbod i regi av Statped, kan få rettleiing og støtte frå oss.
Tilsette i barnehagar og skolar som har barn i Statpeds barnehagetilbod eller elevar i deltidsopplæring, kan når som helst kontakte Statped for samarbeid rundt barnet/eleven. Dersom barnet/eleven har ei rådgivingsteneste, kan Statpeds rådgivarar også gi støtte og rettleiing til barnehagen/skolen. Statped tilbyr også kurs og nettverk til tilsette i barnehage og skole.
Grunnkurs i norsk teiknspråk
Statped tilbyr grunnkurs i norsk teiknspråk i tre trinn. Kurset er for tilsette i skolar og barnehagar og er ein kombinasjon av fysisk deltaking og digitalt arbeid på eiga hand. Vi tilbyr kurs ved fleire av lokasjonane våre. Etter endt kurs ved ein lokasjon kan tilsette ta neste trinn ved same eller ein annan lokasjon.
Nettverk til lærarar
Lærarnettverket er eit nettverk i Teams for lærarar som har elevar knytt til Statpeds deltidsopplæring. Nettverket har digitale samlingar med tema basert på nettverket sine eigne ønske og behov. Lærarar som har ein elev i Statpeds deltidsopplæring, vil automatisk få tilgang og kan delta på dei digitale samlingane som er aktuelle. Alle spørsmål rundt nettverket kan rettast til eleven sine ansvarlege lærarar på deltidsopplæringa.
Nettverk til tilsette i barnehagar
Nettverk for barnehagar der det går barn som får tenester frå Statped, anten gjennom eit barnehagetilbod, foreldrekurset Se mitt språk og/eller ei rådgivingsteneste, er eit nettverk på Teams for dei tilsette rundt barnet. Nettverket har digitale og fysiske aktivitetar og samlingar med tema basert på nettverket sine eigne ønske og behov. Tilsette kan delta på dei aktivitetane som er aktuelle.
Hvis du har spørsmål, så kontakt Aina Therese Fossum på e-post [email protected]

Har du noen spørsmål?
Hos spør oss-tjenesten kan du drøfte og få råd i spesialpedagogiske spørsmål. Vi retter oss først og fremst mot PP-tjenesten, men du kan også ta kontakt om du jobber i barnehage eller skole. Er du foresatt, kan vi hjelpe deg med å finne fram i det spesialpedagogiske støttesystemet.