Stønad og rettar ved tenester

Foreldre som følger barn til utgreiing, eller som deltar på kurs hos Statped, kan ha rett til permisjon og ulike stønader.

Foreldre som er i arbeid, og som følger barn til utgreiing/kartlegging hos oss, kan ha rett til permisjon (arbeidstilsynet.no), og dei kan ha rett til omsorgspengar (nav.no).

Reiseutgifter

Ved utgreiing som er tilvist til Statped frå eit helseforetak, dekker Pasientreiser (helsenorge.no) reiseutgifter.

Dersom utgreeinga ikkje dekkast, kan foreldre søke kommunen dei bur i, om å få dekt reiseutgifter. Det er opp til kvar einskild kommune å vurdere behovet.

Personar med døvblindskap som har «grønt kort», har saman med annan legitimasjon rett til honnørrabatt (regjeringen.no) og gratis reise for éin følgjer på reiser med transportmiddel som mottar offentleg støtte. Ordninga gjeld ikkje flyreiser.

Foreldre som deltar på kurs

Foreldre som er i arbeid, og som får tenester i regi av Statped, kan ha rett til permisjon (sjå lenke øvst i teksten). Dei kan også ha rett til opplæringspengar frå Nav (nav.no).

Dersom det er dokumentert at barnet har nedsett høyrsel eller syn, er det ikke nødvendig å kreve ny legeerklæring kvar gong foreldre skal delta på opplæringskurs. Så lenge opplæringsbehovet er dokumentert, vil det som oftast vere tilstrekkelig at Statped dokumenterer at foreldra deltar på kurs.

Foreldre kan søke bustadkommunen sin om å dekke reiseutgifter. Det er opp til den einskilde kommunen å vurdere behovet.

Elevar i vidaregåande opplæring

Der tenester frå Statped bidrar til å oppfylle rettar etter opplæringslova, vil elevar i vidaregåande opplæring ikkje få registrert dette som fråvær. Dette gjeld fråværsgrensa og føring av fråvær på vitnemål/kompetansebevis (udir.no). Statped dokumenterer fråvær der elevar ber om dokumentasjon.

Statped tilbyr utgreiing/kartlegging (åleine eller saman med pedagogisk-psykologisk teneste) og gir tenester som stør opp om rettar som følger av opplæringslova, til dømes

Det er viktig at skolen er informert på førehand om når eleven får slike tenester.