Tiltak og oppfølging
Personar som får afasi, treng oppfølging frå logoped. Tiltaka bør vere individuelt tilpassa, og dei bør vere del av heilskapleg og tverrfagleg oppfølging.
Det overordna målet med oppfølginga vil vere å auke moglegheitene til personen for å kommunisere og delta i familie- og samfunnsliv. Det er viktig å komme raskt i gang med tiltak. Målet til brukaren bør danne utgangspunktet for oppfølginga. For å finne ut kva tiltak som kan vere aktuelle for kvar enkelt, må logopeden kartleggje. (Les meir om kartlegging av personar med afasi her.)
I den logopediske oppfølginga av personar med afasi går ofte kartlegginga og gjennomføringa av tiltak føre seg meir eller mindre parallelt. Tiltaka blir justerte og evaluerte undervegs i oppfølginga. For å kunne justere og evaluere tiltaka må logopeden dokumentere kva som blir gjort, og effekten av dette.
Oppfølginga kan organiserast på ulike måtar ut frå behov og situasjon. Oppfølginga kan givast både individuelt og i gruppe. Vi kan grovt skilje mellom direkte og indirekte tiltak for personar med afasi. Begge innfallsvinklane vil vere viktige for å gi eit heilskapleg tilbod. Tilpassa informasjon om afasi er viktig både personen sjølv og for pårørande.
Direkte tiltak
Tiltak som er retta direkte mot personen som har afasi, kallar vi for direkte tiltak. Døme på slike tiltak kan vere
- ulike former for språktrening
- opplæring i individuelt tilpassa måtar å kommunisere på
- informasjon om afasi som blir gitt på ein tilpassa måte
Språktrening ved afasi etter hjerneslag bør
- vere spesifikk
- bli sett i gang i akuttfasen
- vere omfattande nok og bli gitt ofte nok
Indirekte tiltak
Indirekte tiltak er ofte retta mot omgivnadene til personen som har afasi. Pårørande og andre nærpersonar bør få
- informasjon om afasi
- opplæring i tilpassa måtar å kommunisere på med personen som har afasi
Det vil òg vere viktig at helsepersonell og andre i hjelpeapparatet får opplæring i korleis dei kan leggje best mogleg til rette for kommunikasjon med personen som har fått afasi. Dette har mykje å seie for at personen med afasi får eit reelt høve til å vere involvert i si eiga rehabilitering.
Rett til oppfølging
Personar som får afasi, har rett til oppfølging av logoped. Rettane er heimla i to ulike lovverk, opplæringslova og folketrygdlova.
Tverrfagleg oppfølging
Personar med afasi vil ofte ha behov for tverrfagleg oppfølging. Aktuelle fagpersonar er lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og synspedagog og psykolog.