Korleis kan du synstolke?

Barn og elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, kan ha behov for synstolking i undervisning og sosialt samspel. Her får du nokre råd for å komme i gang.

Synstolking er å gi munnlege beskrivingar av visuell informasjon for personar med synsnedsetjingar.

Ta utgangspunkt i å beskrive det som skjer i omgivnadene, kroppsspråk, bilete eller videoar.

Når du synstolkar, kan barnet eller eleven danne seg mentale bilete og få oversikt. Det kan auke tryggleik og sjølvstende og betre føresetnader for å delta fagleg og sosialt.

Synstolking handlar i hovudsak om at du som synstolkar,

Kva bør synstolkast?

Kva som skal synstolkast, er avhengig av kva arena du er på, kva aktivitet barnet eller eleven skal gjere, eller kvar klassen/gruppa har fokuset sitt. Dei eldste elevane kan du gjerne snakke med om kva dei treng av informasjon i ulike situasjonar.

I nokre samanhengar vil det vere naturleg med detaljert synstolking. Det kan til dømes vere å beskrive bilete, ansiktsuttrykk eller reaksjonsmønster hos barnet eller eleven. Andre gonger kan formålet vere å gi oversikt. Det kan til dømes vere å informere om kvar dei andre er eller kor ulike aktivitetar går føre seg.

Dette bør du hugse når du skal synstolke:

Velg variant:

Kven bør synstolke?

Den som har ansvaret for formidlinga til ei gruppe, bør også ha hovudansvaret for synstolkinga. Når barnehagelæraren eller læraren gjer synstolkinga til ein naturleg del av formidlinga si, kan tilretteleggingsbehova bli mindre.

I skulealder kan det i nokre samanhengar vere naturleg at medelevar synstolkar, til dømes i leik, gruppearbeid eller pararbeid. For at medelevane skal kunne beskrive på ein god måte, kan det vere lurt å gjere klassen medviten om å bruke eit beskrivande verbalt språk.

Tips når du skal synstolke

  • Tenk at du beskriv for ein person som du snakkar med i telefonen.
  • Bruk omgrep som barnet eller eleven kjenner til.
  • Tilpass type og mengd informasjon ut frå situasjon, og ønske og behov.
  • Unngå ord som her, der, hit og dit.
  • Ta utgangspunkt i barnet eller eleven sin kropp: «Vasken er rett til venstre for deg».
  • Sei frå om du skal røre ved andletet eller hendene til barnet eller eleven.
  • Tenk på toneleie, kjensler og innleving når du synstolkar. Viss du vil at barna eller eleven skal bli interessert i det som går føre seg i leik eller samlingsstund, kan du til dømes variere røysta ved å overdrive og veksle mellom kviskrande og undrande tone.
  • Unngå å gi for mykje synstolking. Observer korleis barnet eller eleven behandlar og nyttar beskrivingane du gir.

Tips for synstolkning til dei yngste barna og elevane

Legg vekt på å beskrive ting: rund boks, stor boks, liten boks, ruglete boks eller tung boks. Bruk preposisjonar som over, under, ved sida av, rundt, høgre og venstre. Det beskriv kor ting er, og gir meir presise beskrivingar.

I leik har barnet eller eleven behov for at denne blir synstolka. Kva skjer i leiken? Kor sprang Wilhelm og kvifor byrja Live å gråte? Noko som utbytte barnet får av tolkinga, heng saman med språkforståinga til barnet.

Synstolk gjerne leiken til andre barn og elevar for å motivere barnet til å delta.

Alt kan ikkje tolkast. Vel ut det som er essensielt, for å forstå situasjonen.