Korleis få lærebøker til elevar med synsnedsetjingar?
Det er gratis å bestille og få tilrettelagt bøker frå Statped til elevar som er blinde og sterkt svaksynte.
Elevar som er blinde og sterkt svaksynte, bruker dei same lærebøkene som medelevar som ser. Statped legg til rette lærebøkene så blinde og sterkt svaksynte elevar kan bruke dei.
Vi legg til rette og produserer lærebøker i tre format:
- Punktskriftbok tilrettelagd som punktskrift på papir, delt inn i fleire permar.
- E-bok tilrettelagd i Word for bruk med skjermlesar og leselist for blinde.
- Skolelydbok tilrettelagt digitalt med innlesen tale og tekst.
Du som er lærar, må gjerne drøfte val av format med oss i Statped.
Bestill eller få tilrettelagt lærebøker
- Det er gratis å bestille tilrettelagde lærebøker frå Statped til blinde og sterkt svaksynte elevar.
- Viss du ikkje finn læreboka du leitar etter, kan du søkje om å få den tilrettelagd.
- Fristen for å søkje om å få ei lærebok tilrettelagt, slik at ho er klar til skulestart, er 20. januar (og 1. april for vidaregåande trinn 1).

Punktskriftbok og e-bok
Finn, bestill eller søk om tilrettelegging,

Skolelydbok
Finn, bestill eller søk om tilrettelegging.