Velg variant:

Literacy: Oskar finn første lyd i eit ord

Sjå korleis ein lærar og ein gut som bruker alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), finn første lyd i eit ord.

Anne-Merete og Oskar øver på at Oskar finn første lyden i eit ord.

Anne-Merete viser Oskar ein gjenstand.

Så bruker Anne-Merete ei øyepeiketavle.

I kantane på tavla festar ho bokstavar. Oskar skal finne kva slags bokstav som er første lyden i gjenstanden han fekk sjå.

Når Anne-Merete rettar tavla mot Oskar og ser på han gjenneom tavla, kan Oskar øyepeike på bokstavane, og Anne-Merete kan sjå kva slags bokstav han øyepeikar på.

Slik kan ein lærar øve på at eit barn med alternativ og supplerande kommunikasjon finn første lyden i eit ord.

Her er kva Anne-Merete seier til Oskar

– Nå er eg spent på kor mykje hjelp eg må gi deg. Om eg må hjelpe litt, eller om Therese må prøve seg. Er du klar?

– Nå viser eg deg ein ting, og så skal du tenke på kva han heiter. Og så skal du vise meg med øyepeketavla kva første lyd er.

Anne-Merete viser Oskar ein bil.

– Du veit! Tenker du på ordet inni deg? Og så viser eg deg bokstavane, og så kan du øyepeke på den lyden som det begynner på.

– Den? Det er heilt rett. Veit du kva? Du peikte der med ein gong. Men veit du kva eg tenkte? Eg tenkte at det står K der. Men det står jo B. Og du peikte på B med ein gong. For du veit at dette er ein bil, og det begynner med B. Kjempebra.

– Klarer du med fleire enn to bokstavar? Skal vi ha meir enn to bokstavar? Ja … OK.

– Det kan hende eg flyttar litt rundt på bokstavane, men vi kan sjå litt. Nå har eg skrive bokstavar så du forstår kva som står der. Blir det her eller der?

– Da tar vi fire bokstavar. Synest du eg er treg? Dette blir eg enda tregare av, viss eg held på sånn. OK, nå viser eg deg ein ny ting. Eg viser deg fire bokstavar nå.

– Skal vi sjå, da må eg ta ein ting som er på her.

Anne-Merete viser Oskar ein blomst.

– Høyrer du ordet inni deg? Og så er det fire bokstavar her.

– Ser du rundt? Er du klar til å vise meg kva lyd det begynner på? Der? Er det den? Det er heilt riktig! Det er B. Den første lyden i «blomst». Så bra, Oskar.