Blikkontakt og tolking 1
Eit teiknspråkleg barn som ser på kva som skjer, må samtidig ha blikk på ein teiknspråktolk for å få med seg kva som skjer.
Små barn ser intuitivt på og forheld seg til dei språklege ytringane frå tolken. Men det kan vere vanskeleg å vite når du skal sjå på tolken, og når du bør sjå på den som snakkar.
Filmen syner eit besøk på Vitensenteret i Trondheim. Ein «forskar» (Forskar-Frederic) viser barna ulike kjemi- og fysikk-triks. Legg merke til korleis barna flyttar blikket mellom tolken og Forskar-Frederic.
Peikeord som her, der, det og sånn refererer til noko som barna skal sjå på. Barna skal sjå på noko samtidig som Forskar-Frederic snakkar. At dette skjer samtidig, er uheldig i tolka samtalar fordi eit teiknspråkleg barn kan ha blikket på tolken når Forskar-Frederic viser fram noko. Barnet kan bli for sein til å få sjå det som blei vist fram.
I tolka samtalar må du som er i rolla til Forskar-Frederic, ta omsyn til prosesstida til tolken. Det tek nokre sekund mellom ein samtalepartnar si ytring, og til den tolka ytringa er uttrykt. Du bør derfor snakke først og vise etterpå, eller omvendt.
Meir om blikkontakt og tolking
I neste film vil du sjå at Forskar-Frederic fører handa til ei teiknspråkleg jente for å vise ho kva ho skal gjere. På eit tidspunkt skjønner Forskar-Frederic at jenta ikkje «kan sjå her» samtidig som ho ser på tolken. Tolken gjer òg ei tilpassing når ho ventar med å tolke til jenta er klar til å sjå på tolken att. Når jenta har sløkt eit lys i forsøket, signaliserer tolken med ei berøring for å opprette blikkontakt att.



