Leahs historie etter hjerneristing
For Leah skulle eit fall på sykkelen og ei hjerneristing vise seg å bli ein lang veg tilbake til kvardagen og skolen.
Hjerneristingar er vanlegvis ukompliserte for dei fleste, men kan for nokon føre til ei meir alvorleg hjerneristing enn dei fleste forbind med hjerneristing.
Frå å vere ei sprudlande, blid og godt likt jente endra alt seg for Leah. Skolen blei vanskeleg, og medelevar forstod ikkje kva som skjedde. Leah orka ikkje skolen meir og droppa ut.
Sakte, men sikkert er ho på veg tilbake. I denne filmen reflekterer ho over det å oppleve endring etter skaden. Vi får ta del i vegen hennar tilbake til livet og skolen.


