Mikrofonbruk og nedsett høyrsel
Mikrofonbruk og nedsett høyrsel dreier seg om å ha og bruke høyrselsteknisk utstyr når elevar har nedsett høyrsel.
Mikrofonbruk og nedsett høyrsel heng tett saman. På dei fleste skolar der det går elevar med nedsett høyrsel, har skolen lydutjamningsanlegg.
Samanhengen mellom mikrofonbruk og nedsett høyrsel dreier seg om alle må bruke det høyrselstekniske utstyret og snakke i mikrofonar i klasserommet. Både elevar og lærarar.
Ein konsekvens er då at ganske mange elevar med nedsett høyrsel kan få lyden rett inn i høyreapparata sine.
- Bruk tid og krefter på å byggje ein kultur der mikrofonane er ein heilt naturleg del av skolekvardagen.
- Hugs at den røysta som ber så godt at du ikkje treng å bruke høyrselsteknisk utstyr, den røysta finst ikkje.
Elevar med nedsett høyrsel kan gjerne bruke mikrofonen sjølv òg. Men berre dersom dei ikkje opplever at det er veldig ubehageleg å få si eiga stemme inn i høyreapparata sine.

Slik kan skolen forberede seg
Her får du en oversikt over hvordan skolen kan løse noen av de vanligste utfordringene når dere skal ta imot en elev med nedsatt hørsel.


